To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. mai 2016

Til minne om Vera Henriksen

Vera Henriksen, portrettert av Wilhelm Bjertnes.
"En roman skal, etter min oppfatning, være som en elv. Der skal være en synlig del, en overflate som er lett tilgjengelig for alle. Men der skal også være noe mer, noe under overflaten. Slik er livet, og derfor mener jeg også at en roman skal være slik."  (Vera Henriksen: En forfatterprofil, 1988).

Vera Margrethe Lund vart fødd i Oslo i 1927, og voks opp i ein barndom som var prega av fattigdom, sjukdom og mistrivnad. Vera var eit såkalla "bronkittbarn", og var i mange år kvar vinter liggjande sjuk heime fleire månader. Dette gjorde det vanskeleg for henne å byggje gode relasjonar blant jamaldringane, medan ho derimot knytte spesielt sterke band til faren, den kunnskapsrike og kunstnarlege offiseren Rangvald Alfred Roscher Lund. Han stimulerte i høg grad kunnskapstrongen og fantasien til Vera ved å inspirere henne til vidare studering av m.a. historie, kartlesing og orientering.

Under krigen oppheldt faren seg utanfor Noreg, medan Vera flytta til Tverdalsøya utanfor Tvedestrand saman med mora. Her hadde den unge jenta alle sine sommarvenner etter ferieopphald hos besteforeldra i barneåra, noko som gjorde sitt til at ho blomstra opp i det nye miljøet. I 1943 vart ho rekruttert til XU, den største og viktigaste allierte etteretningsorganisasjonen i Noreg under den andre verdskrigen, og i denne tida møtte ho sørlendingen Olav Henriksen, som ho gifta seg med i 1948. Då hadde Vera begynt på ei utdanning innan arkitektur, men valde å avbryte studiane for å følgje med mannen til New York, der han hadde fått jobb på eit shippingkontor.

Etter 10 år som husmor med etter kvart tre små barn, vart trongen til å få brukt eigne evner for stor for den kunnskapsrike kunstnarsjela. Ho valde då å skrive ei bok om Heilag Olav, ein roman ho sjølv i starten hevda kom til å bli ei tynn, lita bok, som sikkert ville bli refusert. I 1961 kom så den første boka om Heilag Olav og Sigrid Toresdatter, Sølvhammeren, som vart ein oppsiktsvekkjande debut ho vart tildelt Bokhandlerprisen for. Rett etter kom to andre bind i det som altså vart trilogien om Sigrid Toresdatter; Jærtegn og Helgenkongen, alle bøkene godt mottekne med lovord og stor interesse.

"Ordene er for forfatteren hva pensel, lerret og farger er for maleren. Det er nødvendig å lære seg til å bruke dem. Og ordene er ikke så enkle å håndtere som de fleste tror" (Vera Henriksen: En forfatterprofil, 1988).

Biletet er lånt med løyve frå Aschehoug.
I 1963 flytta familien attende til Noreg, og Vera ofra seg i fleire år for borna og familien. Med tida fann den
vesle familien seg ein "vinterstad" i Lom, der dei også bygde seg eit lite hus, og Vera begynte på nytt å skrive. Ho brukte etter kvart meir og meir tid i Lom, og i 1977 flytta heile familien fast til Lom, medan dei brukte somrane på Sørlandet. Vera produserte med ivrig og stø hand, og gav ut både romanar, sakprosa, skodespel og barnebøker i store mengder.

Trollsteinen frå 1970 vart starten på ei rekke på fem romanar frå tida etter reformasjonen. Bent Jonsson frå Lom er hovudpersonen. Gjennom hans liv får vi grundig innblikk i miljø og livsform, kyrkjeleg og verdsleg liv i ei tid full av sosiale, religiøse og intellektuelle motsetnader, ikkje berre i Gudbrandsdalen, men også rundt om i Europa.

Midt på 80-talet vart Vera på ny råka av sjukdom, då eit flåttbitt førte til ein alvorleg infeksjon i nerverøtene i ryggmargen. Men den produktive forfattaren hadde allereie så tidleg som i 1983 teke i bruk moderne tekstbehandlingsutstyr, noko som gjorde det mogleg for henne å halde fram skrivinga, trass i at ho vart delvis lamma av infeksjonen.

Dei siste åra budde Vera på Lom helseheim, der ho døydde 23.05.2016. Ein av våre fremste og mest folkekjære forfattar har med dette lagt ned pennen for godt, men den store forfattarskapen står att som ein imponerande bauta over ei av dei sterkaste stemmene blant kvinnelege, norske forfattarar i nyare tid. Vi minnest Vera Henriksen i audmjuk takksemd.

Kjelder: Vera Henriksen: En forfatterprofil, 1988
              Norsk biografisk leksikon

Bloggar: Merete


2 kommentarer:

  1. Vera Henriksen er en av mine favorittforfattere. Jeg har et veldig sterkt minne om en biltur sammen med faren min, fra bestemor oppi Storlien, hvor han pekte og fortalte om alle stedene i bøkene om Bent Jonsson.
    Da SYnne gikk første året i LOm var de som hadde tekstbehandling ( som det vel het da ) som valgfag på studiebesøk hjemme hos vera Henriksen for å se en kjent forfatter jobbe med dette nymotens programmet. Jeg var så misunnelig at det kan knapt nok sies med ord...

    SvarSlett
  2. Så artig ei historie, Brabro! Ja, Vera Henriksen var verkeleg ei av dei store, og ein forfattarpioner i dette med tekstbehandling.

    SvarSlett