Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. mai 2016

Kasseringsskrømt, serielitteratur og formidlingsplikt

Vil ikkje kassere...
Våren er tid for opprydding, også i bokheimhyllene. Kasseringsskrømtet heng over oss som ei regntung kappe, dreg bibliotekargeipen nedover med si motvilje, og stengjer for motiverande sprell og våryre sprett. Hyllene struttar frimodig velstappa av meir og mindre lesverdige bøker. Ei bok er knallgod i augo til einskilde, medan andre ikkje får fullrost nok heilt anna type bøker. Og midt i mot desse overgjødde hyllene står ein stuttvaksen bibliotekar og skal sortere ut den lesnaden vi ikkje har plass til meir. Huff...

I eit lite bibliotek MÅ vi ha ei stendig rullering på kva som finst i utvalet vårt. Eldre bøker må vike for nyare, høgt skatta litteratur får bortimot fast opphald, medan andre må føysast bort i relativt ung alder. Somme blir til og med utlesne og må erstattast, medan atter andre mest aldri blir opna før dei blir guida den tunge vegen ut frå samhaldet i gammleprestgarden. Under heile prosessen blir bibliotekaren tynnare i håret, tyngre om akslene og lite tilgjengeleg for omverda.

Vi MÅ kassere...
Lykka er å ha ein permittert sjef i studentmodus, som har lova dyrt og heilagt ut at i sommar kan ho ta denne traurige jobben i vaksenavdelinga -glatt! Det står att å sjå kor mange kilo ho får slanka dei nemnte hyllene, men lovnaden står støtt, enn så lenge. I mellomtida er reservesjefa komen til barneavdelinga, etter at ungdomsavdelinga no faktisk er unnagjort i denne omgang. Barneavdelinga har derimot fått eit kinkig problem: Serielitteratur. Vi har pingler, dustar, supertruser, trehus, nerdar, kriseførkjer og rampar så det tyt -og dei er ofte ute på bygda, kvar og ein av dei. Som barnebibliotekar ser eg den gilde verdien i desse bøkene som døropnar inn til lesegleda, inn i samhaldet der større grupper barn deler, tipsar og inspirerer kvarandre til å oppsøkje bøker og gå inn desse meir og mindre kaotiske, humoristiske opplevingane bøkene gjev. Eit par aspekt ved litteraturen som absolutt lyt takast med i vurderinga!

Samlingsutvikling...
På motsett side ser eg også det litt triste i dette; born som les seg fast i nett desse bøkene, som les dei om att og om att -heilt ut ungdomsskulen, som aldri vil ha andre bøker, og som gjev opp lesinga når dei har vakse frå denne delvis "lettbeinte" lesnaden. Det som i starten var inspirerande og gav leseglede, blir etter kvart einspora, keisamt og lite gjevande (eg blir no garantert arrestert for å få supertruser til å bli "keisame", eg som sjølv lo meg skakk på hyttetur heilt einsleg med Kaptein Supertruse på sengekanten). På same tid er dei det vi i Lom kallar "romfreke" -seriebøkene tek veldig stor plass i dei relativt få hyllene våre, dersom vi skal kjøpe inn komplette seriar. Kasseringsbibliotekaren har altså eit dilemma.

Formidlingsøkt -her i privat lag (for vaksne!)
Under vandringa mellom dei sprekkeferdige hyllene blir eg nok ein einig med meg sjølv i at formidlingsjobben også her blir den viktigaste biten av jobben vår. Vi må by fram seriebøkene til dei som treng ein lettare start på lesegleda, før vi så med list, lempe, innleving og fantasi deretter må motivere og inspirere til vidare lesing av ulik type litteratur ved å gje borna god formidling -heile tida. Vi må sprengje oss inn i skulen, prate oss innunder huda på borna, dele raust av kunnskapen vår og vera ein motivator, samtalepartnar og rettleiar når borna friviljug eller under press frå skulen kjem til oss. Vi må gje av oss sjølve, dele gleda, dele litteraturen -all litteratur! Ikkje alle born blir glade av stor litteratur, men absolutt alle skal ha lik tilgang og bli like opplyste og gjorde kjende med ulike typer bøker. Det er vår plikt. På lik linje med at vi pliktar å drive sunn og god samlingsutvikling. Så får bibliotekaren berre hesje opp att geipen og sortere vidare...

Bloggar med akutt samlemani som må kurerast: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar