Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. mai 2016

Lykkeliten på oppdagingsferd

Bibliotekarhjarta smeltar og renn inn mellom reolane når vi får slike ekstremt søte lånarar på besøk. Eit strålande fjes på ein trillrund skrott, som når akkurat opp til godbitane på nedste hylle, som pludrar og huskar rompa ned og opp i lykkedans over den nye meistringskjensla. Eit heilt lite menneske som tidleg i livet får venje seg til å møte framande av ymse slag, og som tillitsfullt krabbar inn i armane til ein smørblid bibliotekar medan storesyster får tørr bleie.

Tenk om alle små kunne få vera ein del av bibliotekkvardagen, få gode rutiner med faste besøk i bokheimen, oppleve biblioteket som ein naturleg stad å gå på fritida! Leike, oppdage, bla, lese, låne. Alt gratis, alt til det beste for poden, alt fritt tilgjengeleg utan å krevje noko attende. Heldig er han, denne lykkeliten, som har foreldre som brukar fritid saman med han på noko så verdfullt! Takk til alle tre for at vi fekk dele denne vesle stunda på den opne veven. Måtte de gå føre som gode døme på ein sunn oppvekst.

Hanne (Skjåk), Ann Kristin (Lesja), Signe (Dovre) og May Britt (Sel) i alvorleg diskusjon.


Heile dagen i dag har gått med til Norddalsmøte hos vertinne Hanne i Skjåk, der dei 6 Norddalskommunene går saman og planlegg felles aktiviterar, diskuterer biblioteksaker og løyser utfordringar som den eine eller andre måtte bale med. Desse 6 biblioteka har hatt eit utprega godt samarbeid gjennom ei årrekkje, takka vera gode krefter i tidlegare biblioteksjefar, som no er travelt opptekne med pensjonisttilveret (og delvis studenttilveret...). Fleire felles prosjekt har vore vellykka gjennomført (t.d. Nasjonalparkbiblioteket, og bloggane Ord om fjell og Det leste i livet), turnèar har vore godt samkøyrt, og samhaldet og ulike verdiar har gjort oss sterke saman.  Dette samarbeidet har for meg vore ei enormt god støtte i tida eg har vikariert for studenten, og med slike dyktige folk på laget, kjenner eg meg trygg på at eg alltid får hjelp om sjefskrakken kjennest hard og knirkete. Tusen takk for nok ein gjevande dag i lag! Fotografiet vart dessverre uklart, då fotografen for ein gongs skuld vart litt fnisete i gjerningsaugeblinken... (Vågå var ikkje til stades på møtet).


Bloggar på krabbestadiet: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar