To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. april 2016

Litterær misjonær

Litterær misjonær i kvild grytidleg Altamorgon.
For eit par vidunderlege veker eg har hatt! Takka vera fleksibiliteten til den tredje vise, kunne eg ta nokre få dagar permisjon for å reise ut på den litterære misjonsmarka denne våren -eit eventyr som har tilført meg enorm inspirasjon og glede. Eg har reist rundt og prata om prinsesser og samar, slagpasientar og advokatar, krigsheltar og pensjonerte lærarinner, jordmødre og depressive mødre -og ikkje minst om Kjærleiken, og om Døden. Reisa har gått gjennom all slags ver i all slags natur, og kofferten har heile tida vore full av store ord, vare ord, poetiske vendingar og groteske skildringar. Alt dette som levde liv og skrivne ord kan gje oss av glede, overraskingar, vakre draumar og gyselege mareritt. Nett dette som gjev livet og litteraturen spenning og meining. For eit priviligert vesen eg er!

Reiseguide og hunmørspreiar Linn.
På dei lengre turane har eg alltid hatt med meg Linn T. Sunne, som har fungert både som reiseguide,
humørspreiar og inspirasjonskjelde. Måndag den 11. april flaug vi heilt til nordenden av landet vårt, med Finnmark og Vadsø som første mål for "Ut av hylla". Her opplevde vi nokre av dei mest ryddige og best førebudde arrangørane vi har møtt! Absolutt alt var på stell, og vi kjende oss mest som bergtekne prinsesser som vart løfta opp og fram av både arrangørar og tilhøyrarar. Sjølv prata eg meg naturlegvis bort og fekk for lite tid, tykte eg, sjølv om eg formidla til strømpebuksa rakna allereie under den første av dei tre øktene... Men pytt san; det har hendt før, og vil garantert skje igjen, og eg trur ikkje det var mange finnmarkingar som kunne skilte med så veldig mykje brunare vinterlår enn meg likevel, denne iskalde vårdagen.

I Finnmark heldt eg også eit foredrag der eg delte erfaringar og synte fram bilete frå Lom, og fortalde om korleis vi har jobba i ei årrekkje for å oppnå gode resultat med relativt små ressursar. Etter at vi båe var ferdige, hadde vi litt tid til å leggje oss på vinden gatelangs i Vadsø før flyet gjekk, og måtte då naturlegvis besøkje det flotte biblioteket deira, heilt ute i havgapet! Bilete frå vandringa kjem i slutten av dette ultrastutte innlegget.

Vadsø 05:00 13.04. -16


Kansellering av flyet gjorde sitt til at vi fekk ei ekstra natt i Vadsø, i herlege kreppa sengeklede som gav heimekjensle, hos ei godt vaksen dame på Vadsø apartments. 04:15 morgonen etter var vi klare for nytt forsøk påavreise, og FOR eit nydeleg ver! Slik fekk vi også verkeleg sett den vakre sida av Vadsø. Det var visst også første gong i historia at Lom folkebibliotek måtte halde stengt grunna kansellert flyavgang i Finnmark...

Vakkert over Tromsø!

Toppen av besøket i Finnmark var at vi under frukosten på hotellet tilfeldigvis vart intervjua av blidaste journalisten frå lokalavisa Finnmarkingen, som skreiv reportasje om "Frokostens dag". Stort bilete av matglade biblitoekarar i avisa dagen etter!


Etter nokre hektiske dagar på jobb heime, putra vi oss så til Vestnes i Romsdal sundag den 17. april. Godt over 20 kg bøker og 2 velfødde kvinnfolk er lett frakt for ein langdistanseskoda, og praten gjekk livleg -i alle fall frå førarsida- heile turen. Den mest fornøyelege opplevinga i Romsdal hadde vi på bensinstasjonen, der vi sjølv tykte vi sklei merkeleg godt inn blant dei mange rånarane som møttest attmed wunderbaum og kaffe denne sundagskvelden. Ettterpå rusla vi tause bort på hotellet att i djupe tankar over kvar vår flashback til ei fjern ungdomstid.


Frå langt i nord -til heilt sydvest!

Under formidlinga vår i Vestnes kjende eg litt på at eg kanskje ikkje verka inspirerande nok, då det sat ein godt vaksen mann med bortimot konstant steinansikt på fremste rad. Lettare skjelven smelta difor hjarta mitt totalt då same mann etter endt foredrag kom bort til meg, tok handa mi og sa lågt inn i øyra mitt; "Dette skal du gjere meir av, for dette var du verkeleg flink til!" Slike menn, altså! Du redda dagen min, du framande...


Vestnes
Etter endt foredrag i Vestnes, dura vi vidare til Førde. Her køyrde vi vegar ingen av oss hadde fare før, og veret baud raust på det meste. På denne turen hadde vi også vårt livs urinlating på det som må vera Noregs mest opplevelsesrike do!

Statoil Åndalsnes -her MÅ ein berre pisse!
I Førde hadde vi også oppdrag i fjor, saman med Rita Mundal og Ruth Lillegraven, så her var vi nesten "kjende" (Linn er forresten kjent absolutt ALLE stader, har eg inntrykk av!). Det beste med Sogn og Fjordane denne gongen, var at dei hadde troppa saman fleire av sine eigne bibliotekarar, som også hadde førebudd seg med bøker dei formidla til kollegaene etter at vi var ferdige. Slik fekk bibliotekarane i fylket verkeleg bra påfyll denne dagen -eit eksempel å ta med seg for fleire! Det er jo ikkje noko hokus-pokus det vi driv med -mange fleire burde dele sine leseopplevingar med andre.

Turen var over, og ei lang heimreise låg framfor oss. Eg skjønte fort at kompisen ved sida av meg var litt sliten, for ho bikka nakken attover og geispa demonstrativt gong på gong. Eg forsikra henne om at ho mått berre sove -eg kunne jo prate lell, eg! Resultatet vart ein aldri så liten avstikkar om nokre ekstremt lange tunellar, rett og slett fordi kartlesaren sov... Då vi langt om lenge kom fram til Otta, der Linn hadde parkert sundag efta, oppdaga forfattaren at bilen hadde stått med ljosa på... Ein snill svoger av meg, samt startkablar og ein tenleg son, fekk etter kvart start på gliset att, og vi vinka farvel -til dagen etter.

Det var ikkje Grønfjorden (lokal "fjord" i Lom), men grøn og vakker var han!

Onsdag kveld hadde vi eit forenkla opplegg hos grannane i Skjåk, medan vi kvelden etter hadde same
formidlingssekvens i Lom. I kvar bygd stilte flittige bygdekvinner med rasande god bite attåt kaffien, og vi hadde to fine kveldar som avslutning på ei flott reise. Det rare er at Linn no faktisk ikkje berre forstår lomver no -ho TENKJER på lomver! Ho nemnde noko om at det surra og gjekk inni hovudet hennar etter ho kom heim frå turen vår -ja, eg skjønte ikkje heilt, men...

Kafè Haletippen, Alta.
I går kveld knalla eg heilt einsleg, først til Dovre, så til Lesja, der eg hadde same formidlinga eg presenterte på Sel før Linn og eg reiste ut saman. Fine folk, og gode bygdekvinnesnipper på Lesja! Ein artig turnè er over, bøkene har fått ventelister og velfortent merksemd, og eg har gjennomført det eg verkeleg har hatt lyst til! Gå de ut og gjer det same; utset aldri det de har lyst til -berre gjer det! No kan bibliotekkvardagen berre kome dansande!

Takk for stundene, Linn!

Bortblåst bibliotekar.
Vadsø kyrkje -med reservert plass for stormen.

Utsyn frå pauserommet, Vadsø bibliotek, ein grå aprildag.

Flyavgang Vadsø kansellert -stuck in Finnmark!


Flott Friviljugsentral med uteområde på Vestnes.

Formidlar Linn

Tenkje seg til: Hotellfrukostintervju!

2 kommentarer:

  1. Inspirerende å lese om turen! Og artig skrevet innlegg. Mer, mer!

    SvarSlett
  2. Godt skrevet, givende å lese:)

    SvarSlett