Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. april 2016

En fisk til Luna -ei kvinne til Lom

Eg måtte gløtte bak gardina og sjå at ho var verkeleg, ho som gjekk att frå gammelprestgarden her for et bel sidan. For eit vidunderleg vesen, slik ei strålande lita kvinne, med ein varm smil, ei mjuk røyst og eit hovud fullt av merkelege, morosame, fantasifulle skapningar som står i kø og ventar på å få kome ut i verda, ut til borna. Vi har hatt besøk av Lisa Aisato i samband med turnèen Boklek, ei framsyning som går ut til alle haustens skulestartarar i Oppland.

Lisa teikna og fortalde først litt frå barndomen sin, der vi fekk innsyn i livet til ei lita jente som fekk utlaup for kreativiteten sin ved at ho i time etter time kunne sitje og teikne til forteljingane mora las for henne frå dei mange bøkene som hadde ein viktig plass i heimen. Ho synte oss korleis ho oppdaga korleis ein kunne skape ansikt om til ulike uttrykk kun med enkle grep, korleis krusedullane hennar kunne omdannast til dei mest fantasirike figurar, og korleis ei skisse i hennar hender tek form som eit måleri. Med entusiasme og innleving fortalde ho korleis ho no mest kvar dag framleis sit heime og teiknar skisser og illustrasjonar, og såleis får halde fram det ho tykte var det artigaste i heile verda då ho var 5 år. Til sist las ho og synte fram bileta frå den vakre boka "En fisk til Luna" -eit vidunderleg eventyr om ei jente, ein sjeldan fisk, og den same månen vi alle ser opp på og drøymer oss bort i -uansett kvar vi er i verda. Ho er reint som i lite eventyr i seg sjølv, denne dama! 

Takk til Oppland fylkesbibliotek og Norsk litteraturfestival som i med stønad frå Nasjonalbiblioteket og Eidsiva har drege i gang denne flotte turnèen, og såleis gjev alle førskuleborna i fylket ei viktig felles oppleving om og med bøker og illustrasjon. Vi ønskjer Lisa Aisato lykke til vidare på reisa si, og ber henne meir enn gjerne tilbake til Lom ved eit seinare høve!



Imponert bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar