Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. mars 2016

Syng meg ein stubb

Eit varmt fang på veslkrakken framom jøtulomnen, ei kjent og kjær røyst hullar gamle bånsullar og nynner eldre viser frå tider som kjennest utgamle, medan grana sprakar i blidt akkompagnement blant dei glødane logane: "Sporven sat på lyudør, pipa vilde kje låte..."
Eller i hagen ein klar junidag, med den vesle neven trygt gøymt i ei gammal, skrukkete hand, og lyden av fuglekvitter ispedd den vare nynninga frå langt inne i skautet ein stad: "Å e ha nå teinkt så leingje, at e skull gjort me veingje..."
For ikkje å gløyme kjensla av den mjuke dyna, den varme klebersteinen innpakka i handkle i fotenden, og tonane av mammarøysta som sulla ein liten så lint i svevn: "Byssam, byssam båne, langt burt i berg og bak blåne..."

Minna er mange, men songane var enno fleire, for dei glir burt med åra. Blir tona ned og pakka inn i lag på lag med nye minne, nye songar, annan musikk. Så kjem dagen då ein høyrer att ei strofe, ein melodi -og brått er ein attende i barndomen, og skulle ønskje ein la seg dei gode stubbane betre på minnet. Så oppsøkjer ein dei eldre, sullar litt i lag, hentar fram att gamle tonar i lag på lag. Slik blir ein heil att, og kan føre tradisjonen vidare.
Foto: Fjuken ved Vigdis Kroken
Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre er ein mann som har lagt ned eit stort arbeid i å samle gamle bånsullar og tradisjonssongar frå lokalsamfunnet sitt. No har han gjeve ut plate, og reiser på turnè med "Dovresange", saman med Bjørn Kåre Odde på fele og Ådne Svalastog på trøorgel. Og jammen var vi så heldige at dei tok turen til Lom folkebibliotek sist laurdag, og spanderte på oss over ein time med meir og mindre kjente gamle songstubbar og folkemusikktonar. Ei vidunderleg stund vart det for dei bortimot 40 frammøtte, som tidvis hulla med bakover i rekkene. Vakkert framørt og underhaldande formidla! Ein stor takk til Glorvigen for det viktige samlings- og formidlingsarbeidet han gjer, og til dei dyktige musikarane som krydrar framføringane så flott! Meir av slik!

Musikalsk bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Dette såg ut til å vere eit flott møte! Og songar og stubbar på fanget er så viktig for dei små! Takk for innblikk i dette møtet.

    SvarSlett