Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. mars 2016

Ut av hylla!

Våryre formidlarar klare for landevegen!
Åå, kor eg gler meg på våren! I vekene som kjem skal eg med jamne mellomrom pakke snipptaska og rulle ut på norske vegar med eitt av dei finaste menneska eg har lært å kjenne gjennom bibliotekaryrket. Til og med i lufta skal vi sveve -høgt over norsk vårbløyte og struttande gåsungar skal vi segle, med bøker i bagasjen og orda på tunga, i heilag overtyding om at vi gjer ein naudsynt innsats for ny litteratur og hardtarbeidande skribentar. Vi skal ut av biblioteket, ut av bygda -Ut av hylla!

På Dokka er det busett eit menneske som har ein gild forfattarskap bak seg, og som til og med har prestert å vinne Brageprisen heile to gonger (2007 og 2012), i tillegg til at ho vart tildelt Skolebibliotekarforeningens litteraturpris same år som ho fekk Brageprisen for ungdomsboka Lille ekorn (2012). Ein skulle tru at dette i seg sjølv var nok til å få henne til å sprelle i ukontrollert gledesrus, men Linn T. Sunne er det mest sindige og fredelege ein kan tenkje seg! Trass særs høg aktivitet på mange plan, tek ho aldri av, slik vi her i gammelprestgarden er meire kjende for å kunne gjere... Denne dama er altså mi rake motsetning, og slik sett også den perfekte partnar for meg i eit slik samarbeidsprosjekt som vi no har snekra saman.

Linn T.Sunne -2 gonger Brageprisvinnar!
Sidan seint i fjor haust har vi lese oss opp på ny litteratur innkjøpt via Norsk Kulturråd, plukka ut dei
bøkene vi av ymse grunnar meiner fortener å bli formidla, og miksa saman ei formidlingsøkt på eit par klokketimar. Det er først og fremst fylkesbiblioteka som får dette tilbodet, der vi vil formidle til så mange tilsette folke- og fylkesbibliotekarar kvart fylke kan troppe saman på ein dag. I tillegg vil vi ha ein liten mini-turnè i Norddalen, og har tidfesta besøk både på Lesja, Dovre, Sel, Skjåk og Lom. Av fylke har vi så langt fått oppdrag i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Finnmark. Sistemnde har også spurt om å få eit foredrag der dei vil høyre meir om korleis Lom folkebibliotek har jobba med formidling dei seinare åra, kva vi har gjort, kva vi har lykkast med, og kva vi ser som evt. kunne vore gjort annleis. Vi er ikkje nett vanskelege å be når det gjeld å prate om jobben vår i Lom, så det er klart vi måtte seie ja til eit slik spennande oppdrag!

I fjor hadde vi med oss både lyrikar Ruth Lillegraven og min for tida studerande ekssjef Rita på bortimot det same opplegget for bøker frå 2014, bortsett frå at vi då naturlegvis fekk formidla litt fleire bøker. Den reisa gav meirsmak, og det ein har lyst til, må ein jo berre gjennomføre! Vi skulle meir enn gjerne hatt med dei to andre damene på denne turen også, men dei har valt eit litt annleis opplegg denne våren, og får kome sterkare attende ved eit seinare høve. Så kjære Noreg: hald vegane opne og toga i rute -våryre damer skal ut på tur!

Men først og fremst kjem sjølvaste Mogeno hit for å trylle inn påska for oss, buktalar og magikar kjent frå Norske Talenter. Fredag kveld (18.03.) kjem han hit til Lom folkebibliotek kl 19.00, og det kan vere lurt å førehandsresvere plass! Vi ser fram til ei artig stund med trylling, magi og festleg dialog mellom Mogeno og dokka hans. Vel møtt!

Bloggar med tannbørste og bøker i kofferten: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar