Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. februar 2016

Rett i fletta -frå Hårloft til gammelprestgard!

Denne dagen blir ei einaste gild fotokavalkade frå det vellykka arrangementet vi hadde her for eit par veker sidan -RETT I FLETTA. 3 superdyktige lokale frisørar og ein knall lærling stilte seg til disposisjon ein heil kveld for å dele sine fingernemme ferdigheiter med store og små her på biblioteket. Ingen av oss hadde arrangert noko liknande tidlegare, og det kribla litt i hårrøtene på fleire av oss då startskotet nærma seg; var dette i heile teke noko folk ville bruke tida si på ein fin vinterkveld, då det attpåtil var skirenn i bygda..?

Rett før stengetid strøymde det derimot på med den eine hårfine nykamma etter den andre, og til slutt var over 40 spente amatørfrisørar og langhåra jenter samla i gammelprestgarden! Sjefsfrisør Astrid tok profesjonell styring, og delte dei frammøtte i tre grupper fordelt på tre rom. Kvar av frisørane hadde førebudd seg grundig, og hadde med seg to ferdigfletta modellar kvar -altså 6 ulike fletter- som no vart demonstrert i dei ymse krokane blant bokhyller og filmstativ. Etterpå fekk alle høve til å prøve seg som flettefrisør på sine eigne modellar, og alle kunne gå fritt rundt om i romma og velje ut sine flettefavorittar som dei kunne lære seg under dyktig rettleiing av frisørane. Biblioteket hadde lånt inn fleire eksemplar av Fletteboka til Bente-Helen Schei, som jentene kunne tittte i og evt. låne heim. Fleire bollar popcorn vart også jamnleg besøkt av ivrige fingrar, til vaskedame Vigdis si store glede dagen etter... Praten, latteren og fingrane gjekk ivrig i over to timar, og det vart ytra ønskje om ein liknande kveld 16.mai... Nokre av dei yngre deltakarane var ikkje heilt blide for uteskule dagen etter, for å gå med huve på nyfletta lokk er ingen stas!

Eg er dei fire damene på Hårloftet ein stor takk skuldig for at denne kvelden vart så fin, på same tid som eg prisar meg lukkeleg over at det finst så utruleg positive menneske blant oss: Dei stilte friviljug opp ein heil kveld, hadde øvd og førebudd seg grundig, og var like smilande blide då eg inivterte dei med på dette, som då alle hadde krølla seg heim denne onsdagskvelden. Samarbeid med slike folk gjer ein glad, og motiverer til vidare sprelske påfunn. Det er derimot framleis litt uvisst om vi vil arrangere henteseveiskveld her med det første, men noko litt meir mandig enn fletter må det bli... Må også rette ein ekstra takk til reinhaldar Vigdis, som forbarma seg over popcorngolva våre med ein smil dagen etter, før underteikna vanst å svinge seg med solven! Ved å opne opp biblioteket for ymse aktivitetar, eksponerer vi bygdefolket indirekte (eller direkte, utan at dei veit det) for bøker, og innbyggjarar som til vanleg sjeldan oppsøkjer oss, får forhåpentlegvis eit nytt eigartilhøve til huset her, lokala, menneska og tilbodet -i brei forstand. Her er alle velkomne, vi stiller ingen krav, og vi set pris på kvar og ein som kjem innom, uansett ærend! Og vi er takknemlege for innspel av andre aktivitetar.

Her kan de nyte og la dykk imponere og motivere (PS: Alle vart informerte om at dei kunne risikere å få sveisen sin publisert på nettet -ingen nekta!):







Tunga beint i munnen!

Fletteboklesnad -med frisør!





Kaninhårbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar