Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. februar 2016

Våryre køyrereglar og "Ut av hylla"


Som fersk sjåfør lærte eg at ein skal bremse ned litt før svingen, at ein skal køyre defensivt, ikkje køyre forbi mindre ein er heilt trygg på situasjonen, halde blikket langt fram, aldri ha fleire passasjerar enn storleiken på bilen tillet, alltid ha kontroll på trafikken bak seg. Køyrereglane for bibliotek er delvis dei motsette, delvis dei same:


  • Om du er så heldig at du når ein sving: gje full gass!
  • Jobb målretta offensivt
  • Hald blikket opp og langt fram
  • Ikkje nøl med å køyre forbi -men køyr aldri over!
  • Inviter absolutt alle inn
  • Lær av det du har lagt bak deg

Med Rita bak rattet var det langt betre å følgje køyrereglane for bibliotek enn for bil, sjølv om det ofte kjendest som om det gjekk over stokk og staur lell. Det er jo ein grunn til at eg styrer rattet om vi to er ute på vegen, medan eg helst ser at ho skal styre rattet på Lom folkebibliotek...

Kjell Askildsen -ein lesesirkelvinnar.
Det er i alle fall sikkert at det går fort i svingane her for tida! I går kveld svidde vi av det andre lesesirkelmøtet vårt, med ein ny deltakar i gruppa, og vi har det beint fram festleg i lag! Kjell Askildsen vart grundig saumfaren, både som forfattar og person, og fleire i sirkelen har noko forundra funne ut at noveller absolutt ikkje er å forakte likevel. No står Agnes Ravatn for tur med sin gode nynorsk og unike forteljarstil.

I morgon blir det ein hårete kveld med dyktige frisørar, fletteteknikkar og popcorn. Døra er open for alle, inngangen er gratis, og vi håpar på gildt frammøte og ein artig kveld utanom det vanlege blant bokhyllene. Vi har lånt inn fleire eksemplar av Fletteboka av Bente-Helen Schei, slik at fleire kan byggje vidare på det dei allereie har lært.

A Success Story!
Lom folkebibliotek har også vorte lagt merke til i EU! Nyleg fekk vi e-post frå arbeidsforskningsinstituttet, som vidaresende ein gledeleg e-post der det går fram at prosjektet "The Stranger", som vi deltok i saman med Oppland fylkesbibliotek, er å rekne som "a Success Story"! Dette prosjektet har fått fleire blogginnlegg her -tydelegvis vel fortent!

Om ikkje dette er nok, har eg også takka ja til å reise til Finnmark for å dele våre erfaringar frå Lom folkebibliotek med bibliotekarar frå store delar av fylket i nord -ein tillit og ei utfordring eg verkeleg set pris på! Finnmarkingane skal få høyre korleis vi i Lom har jobba med formidling, kva vi har lykkast med, ka vi kunne gjort annleis, og korleis vi som eit lite bibliotek har oppnådd gode tal og eit godt omdømme. Tenk å få dra dit og prate om dette vi brenn så for! Med meg i kofferten tek eg også Linn T. Sunne, som saman med meg i vår vil reise ut med turnèen "Ut av hylla". Vi har snekra saman eit program der vi tilbyr formidling av mange av fjorårets kulturfondbøker til fylkesbiblioteka, og håpar på fleire oppdrag i løpet av april.

Det må også nemnast at eg laurdag var innom ei triveleg dame på tur til jobb og fekk med meg ei nostalgisk, grom sofagruppe for å skape enno betre stemning i gammelprestgarden. No vantar vi berre eit passande bord, så har vi ei ekstra triveleg kro til avisene, kaffien og den gode praten. Det livnar til att i biblioteket vårt -det vårast, rett og slett! Ha ei strålande veke!

Gruppa som vantar eit passande bord...


Bloggar på reisefot: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar