Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. februar 2016

Dekkmann på Granitol

Eg har støtt gått litt hakk i hæl...
Etter at Lom folkebibliotek vann prisen for Årets bibliotek i det vesle landet vårt i 2012, har også eg fått reise litt rundt. Eg har for det meste svinsa rundt skjørtekanten hennar Sjøl, desorientert og lite framkomeleg som eg er i urbane strok, og berre unntaksvis har eg vore tiltrudd eige rom på reisene. Slik er det oftast storleiken på prosjekta som avgjer.

Når ho Sjøl no mellombels har fått sitt private rom i storbyen, lyt eg knalle av stad på eiga hand. Førre veka var det ikkje noko mindre enn Granitol -tidenes første bibliotekfestival?- som inviterte til storkalas. Heldigvis for meg, var også Skjåk deltakande på det heile, så eg slapp kjenne meg heilt bortkomen blant alle dei framande, store. Og FOR eit program fylkesbiblioteka i Oppland og Hedmark hadde snekra i hop!

Scott Bonner
Som hovudtalar kom ingen ringare enn sjølvaste Scott Bonner, som i august 2014 vart heidra med
den prestisjetunge prisen "Library of the year"etter dei harde opptyøane i Ferguson i Missouri, USA. Den stillferdige mannen frå det vesle biblioteket i Ferguson gjorde djupt inntrykk på alle tilhøyrarane, som fekk eit grundig innblikk i dei vanskelege dagane etter at den unge, svarte og uvæpna  Michael Brown vart skoten og drepen av politiet. Alle vindaugo på bygningane i hovudgata vart knuste under kampane -bortsett frå på biblioteket til Bonner. Då arbeidsplassar, skular og andre møteplassar stengde, opna Scott dørene på biblioteket, som den neste tida fungerte både som skule leia av friviljuge lærarar, mellombels arbeidsplass for bedrifter som hadde fått lokala sine rasert, base for friviljug arbeid og som ein nøytral kulturarena. Slik fungerte biblioteket som det vitale hjarta i byen medan unntakstilstanden herja, og Bonner laut imporvisere og ta situasjonane som oppstod på strak arm. På Gjøvik fekk vi høyre både om dei mange vanskelege vala han måtte ta, om feil han gjorde, kvifor han lykkast slik i si gjerning, og om ting han i ettertid meiner han burde gjort annleis. Scott Bonner -ein mann vi vil hugse, eit ekstremt godt førebilete innpakka i eit lunt og vinnande vesen.

Elles var vi vitne til mange store, flotte bibliotekprosjekt, som nesten blir som eventyr i øyro på ein stuttføtt norddøl, men mangt tenleg kan også ein liten fjellbygdsbibliotekar snappe med seg frå eventyrlege suksessar. Fokus på kva ein kan få til med små ressurasr blir eit alfa omega i kvardagen vår, og dei velformulerte talarane sette tankane i sving hos dei fleste av oss.

Flause -igjen...
Sjølv måtte eg naturlegvis også denne gongen dumme meg slik ut at eg kunne dra tilfreds heim med
ny flause i kofferten. Siste kvelden var eg svært så oppglødd etter at eg hadde hatt både Scott Bonner, leiaren av Norsk Bibliotekforening, Mariann Schjeide, OG fylkesbiblioteksjef i Hedmark, Karianne Aam som selskap ved eit knøttlite, rundt bord under middagen. Tett på bibliotekverda, kan ein seie. Bratt i nakken sat eg seinare på kvelden og smatta på litt raudt i eit høgstetta glas, då eg og eit par andre vart ropte bort til eit anna bord. Karane ved dette bordet jobba på Hunton Fabrikker, kunne dei fortelje, og kjende seg i fint, litterært selskap denne kvelden. Praten gjekk livleg, og eg eg briljerte med inngåande kunnskap om asfaltplater, sponplater og ymse andre plater etter hyttebyggeprosjekt med smeden. Då enno ein kar etter kvart kom bort til oss, spurde eg gjennom den livlege musikken kvar han jobba. "Dekkmann", tykte eg så tydeleg han sa -det passa jo så fint attåt desse andre frå Hunton, messom. "Nei, gjer du det!" utbraut eg "-eg har ein svigerson som er dekkspesialist", skrytte eg uhemma. Mannen gløtta litt skakt på meg, og eg måtte unekteleg vedgå at det verka som han humra litt i skjegget. "Artig type", tenkte eg. Litt seinare kunne ein annan festivaldeltakar fortelje meg at vedkomande jobba ved legendariske Deichmanske bibliotek -altså Deichmann... Denne kofferten min med flauser er snart fullstappa...

Takk lell, for ein lærerik og flott festival!

Bloggar: Merete Svigermor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar