Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. januar 2016

Inn og ut er like langt, men ikkje HMS

Sidan sist:
  • Eg har vore ute med stavane att, både i løypa og i litteraturen. Vart ikkje blå på rompa, men blaut i augo.
  • Vaktmeister Øyvind har fiksa føter under høgresida på sjeselongen vår att, etter 3 år på bikken (sjeselongen, altså, ikkje Øyvind).
  • Eg har heilt på eiga hand skrudd 2 uhyre lange skruar inn i den spinkle veggen vår for oppheng til Ipaden som følgjer utstillinga i høve ungdoms-OL.
  • Vi har hatt vårt første lesesirkelmøte! Ei eksklusiv, ueinsarta gruppe på 7 drakk kaffe, åt kjeks og planla framtida. Kjell Askildsen blir vår første gjest, saman med Thomas F.
  • Eg har skrudd ut att 2 skrekkeleg lange skruar fordi det eg skrudde fast i dei vart montert att og bak.
  • Vi har rydda vekk overskotstidsskrift.
  • Eg har reinsa vasskokaren vår med sitronsyre fordi Torill nekta drikke vatnet og ønskte seg ny. Dette som eit uhyre effektivt sparetiltak. Torill skrytte fælt. Ho trudde eg hadde kjøpt ny.
  • Vi er midt inne i ei kasseringsrunde både i barn- og vaksenhyllene. Det gjer like vondt kvar gong. Det kjennest ikkje godt etterpå heller.
  • Eg har pakka kofferten og er meir enn klar for bibliotekfestivalen Granitol på Gjøvik. Eller; eg veit kvar eg finn kofferten eg skal pakke i. Trur eg.
  • Vi har rydda i musikksamlinga, som for det meste står urøyvd i desse nedlastingstider. Ei heil krybbe vart frigjort, klar for nye oppdrag annan stad i biblioteket. Framleis litt usikkert kva, men det blir definitivt ikkje overnattingsplass for noko Jesusbarn eller andre nyfødde. Dei tilsette har dessverre bikka fruktbar alder.
  • Eg har skrudd inn att dei to kjempelange skruane i dei frå før flisete skruhola i panelveggen. No er det ikkje att stjerne å skru i på nokon av dei. Dei blir sitjande der.
  • Ein førsteklassing har stadfesta at det støtt luftar SÅ godt på biblioteket!
  • Veslesyster mi har vorte offisiell europameister i huing. Som litteraturformidlar vaktar eg meg for å halde på med slik ekstremhuing, men pratar jamt og trutt heile tida. Det gjer forresten veslesyster mi òg.
  • Eg har gøymt godt alle lange skruar. Dette som HMS-tiltak for panelveggane i gammelprestgarden.

Bloggar utan skrujern: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar