Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. januar 2016

Eit sakn i enden

Frå eit studentkjøken
Det vart vinter, det vart glatt, og det vart storm første feriedagen. Somme fekk fri litt før andre, og det vanka knasande godbitar frå eit varmt studentkjøken på dei av oss som framleis hadde julelesnad til utlån. Sjølvaste masterstudenten var i heimbygda og las oppskrifter i staden for pensum, gjekk i hyggelegbesøk i staden for å køyre trikk, og delte ut smil i staden for bøker. Trøyste meg, kor triveleg det var! Eg har spara og spara på desse sprø bitane utover jula og nyåret -særleg den med hjarte utanpå hjartet. Desse munnfullane minner meg om einkvan, om noko. Ei rad gode minne med eit sakn i enden. Eg vil spare dei enno eit bel, saknet let seg likvel ikkje hekte av.

Det var så mykje som skulle dokumenterast i dag; fjoråret skulle oppsummerast, nyåret skulle planfestast, bøker som vart oss for dyre før jul skulle bestillast, gamle dikt skulle magasinerast  ned i underhuset, skrivebordet skulle feiast klart for nye, uhorveleg store haugar. Mellom anna. Men det kjem -eg lovar!

Dikt klare for underhuset -nesten...
Eitt av ønska for 2016 er at vi skal klare å få ein lesesirkel på føtene att i Lom. Det er fleire år sidan noko slik eksisterte i bygda -det eg veit, i alle fall- og det er for gale. Med så mange ivrige lesarar, så mange som er opptekne av litteratur, og så mange som har lyst til å dele sine leseopplevingar, kjenner eg meg trygg på at det er ei overkommeleg oppgåve, sjølv for meg. Eg skal eigenhendig utforme ein særs interessant invitasjon og spreie bodskapen med vinden -som heilt sikkert snart kjem att! Og trua, den kan ingen ta fra meg, korkje når det gjeld lesesirkel, vind eller noko som helst anna. Og planar har vi i lassevis, berre vi får rydda dei fram att på pulten. Godt år!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar