Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. januar 2016

Bibliotekflørt

Snøen har pakka inn kulda for nokre dagar, og folk strøymde i går til biblioteket att for ny påfyll av stimuli og avkopling. Sjølv set eg like stor pris på kvar og ein som kjem inn til oss, men må berre vedgå at eg kjenner det ekstra godt inn i hjarterota når elevar frå VGS tek seg tid til å sjå om oss. Etter at skulen deira vart flytta til Utgard og utstyrt med fin kantine og lyse rom, har saknet vore stort etter alle dei gode møta vi hadde kvar einaste dag med flott ungdom på tur ut i vaksenlivet. Eg innser at det ofte kan vera hustreg å sprade dei få metrane bort til gammelprestgarden med alt det ymse veret vi har mellom fjella her, men tenk kor eit slik besøk gler og yngjer opp att ei halvgammal sjel, som heile veka vandrar utrøytteleg mellom onde spådomar, grøssande krimgåter og tåredryppande sakn. Rett nok i form av skrivne ord, men lell, da! Lite kan måle seg med sprell levande ungdom.
Då kan de tru bibliotekarhjarta sprengde varmt i bringa då eg i går fekk besøk av to av dei elevane som heldigvis ikkje har gløymt stasen med biblioteket. Attpåtil knepte den eine opp for husvarmen og synte meg DEN t-skjorta! Tenkje seg til -det var mest så skrankevakta drøymde om ein aldri så liten date sjølv... Biblioteket har nøgda av krokar å gøyme seg bort i, og bibliotekaren har teieplikt, så her kan det flørtast under trygge rammer!

Sidan førre tysdag har vi invitert til møte vedrørande lesesirkel, og håpar at både yngre og eldre kan sjå glede i dette tilbodet. Møt opp her på biblioteket neste onsdag kl 19.00, så drikk vi noko varmt og legg planar framover. Kanskje einkvan også har ønskje om andre aktivitetar vi kan dra i gang? Vi pratast!

Snøggbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar