Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. desember 2015

Ubarmfagre skapbukkar og andre julbukkar

I min stendige litterære svolt på jakt etter nye skjebner å lirke under skinnet, slår det meg ofte korleis vi menneska kler oss i ymse roller i livet. Vår tapre, intuitive omstillingsevne hjelper oss langt på veg å passe inn i dei sosiale tilhøva vi til ein kvar tid freistar å skli inn i. Oftast lykkast vi, men ein og annan gongen går vi på ein smell. Hos meg er det er derimot ei rolle som kvart år denne tida på året tek til å krible ein stad langt der inne i sjela, ei rolle som for mange framleis står uprøvd og verkar lite innbydande: Julbukken. Eg har også prestert å gå på ein smell som julbukk...

Julbukkballane vi opplevde på bygdahuset som
barn, var no ein ting: Mødrene i grenda sydde masker og fann fram gamle klede i dagesvis, før vi små vart dressa opp og utstyrte i eventyrlege kostymer og sveitte makkoandlet med hol berre åt augo. Andre gjekk for nylonfjes med nasen i klem mot det feminine stoffet. Desse var gjerne meir yndige i uttrykket, og hadde ikkje den alt for store puta utstopppa under genseren. Kvelden i forsamlingslokalet bar preg av flørting med ukjennelege klassekompisar og dans etter god bygdemusikk, før avmaskering og premiering avslørte kven vi hadde svinga oss best med gjennom dei seine timane. Etterpå minnest eg korleis vi sveitte og utkjåka sprang og sprang i kjellaren på bygdahuset -kjellaren som den gongen var så uhorveleg stor og hadde slike gilde golvflater å stinge seg etter gutane på.

Heilt andre julbukkar var det som kom på døra seine romjulskveldar med tvaurader på bringa og blankt i flaska. Var dei så uheldige at det meste av den sterke drykken var konsumert før besøket, kunne vi gjerne gjennomskode kven som laga lystig lag i stova, men elles var det berre ein sjeldan gong ein kunne dra kjensel på nakne fingrar som stakk fram frå genserermet. Desse bukka gjorde inntrykk på meg, nappa og drog i eventyrlysta mi like godt som velskrevne bøker.

I mitt vaksne møte med barndomsvenninne Rita, fann eg endeleg ei i livet som også tykte det var løyleg å framstå i litt ymse versjonar. Vi var ikkje nett skodespelarar, men Rita treivst godt både som kråke, Pippi og katt, medan eg sjølv på merkjeleg vis vart tildelt roller som teskeikjerring (?) og gammal gubbe. Likast var det likevel når vi laga oss våre eigne førestellingar om oss sjølve som eldre damer. Det er verkeleg eit sakn no når sjef Rita har konvertert til bydame...

No er derimot snart jula her, og julbukken i meg har vakna. Gamle makkounderbukser skal klyppast i og tråklast saman, avdanka klede skal få nytt liv, og kanskje lyt fela stemmast? Er du retteleg uheldig, får du ratt besøk av ein skapbukk i fri utfalding! Så kryssar eg berre fingrane for at det ikkje går som den gongen eg som velutsyrt julbukk vart intimt saumfare av ein feststemt ballskar som ville finne ut kven som skjulte seg bak kostymet: Etter at han hadde kjørt handa langt nedetter bringa mi under den varme islendaren, ropte han høgt ut i festlokalet: "Dette æ i alle fall ein gutongje!"

Bloogar: Merete den ubarmfagre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar