
Så har vi dei som har kun denne eine lengsla: Lengten til alt er over.

Berre ein sjeldan gong brøyter ein ljos draum seg fram i det dystre; ein draum om ein engel. Ein vengelaus skapning med eit varmt hjarta, som ikkje kjem berre på døra, men heilt inn, inn på stovegolvet, inn på kjøkenkrakken -eit menneske som kjem med varmen, tryggleiken, som vil dele litt av tida si, nokre av stundene sine. For engelen har så mange ulike, fine stunder, ikkje berre denne eine, uendelege, gråsvarte. Engelen har stunder å dele ut. Om han berre kunne skjøne det sjølv, om han berre kunne sjå verdien av dette; å dele stundene sine.
Menneskehavet har så mange flotte englar å ause av; topphuveenglar, kjeledressenglar, vedberarenglar, høgtlesingsenglar, samtaleenglar, stille englar og viltre englar. Det kostar oss så lite å svippe innom den einslege på tur heim frå butikken, på luftetur med bikkja eller i staden for daffeminutta på sofaen. Våg å gå inn, våg å prate, våg å dele. Drikk ein kaffikopp saman, les ein snutt frå ei god bok, tenn eit ljos -ver saman, del stunda. Då smakar ribba betre, og songen til Sølvguttene vil klinge ekstra godt i øyro når kvelden er der. Ha ei fin adventstid! Hugs at biblioteket held ope til og med vesle juleftan, og eit par dagar i jula. Spør gjerne etter høgtlesingstips når du først er innom.
Bloggar: Merete den vengelause
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar