Førjulstida
gjev ofte minst like mykje rom for ettertanke som sjølve jula.
Timelange stunder i førkle og tørkle i ein lun bakstkjellar, der minna
om dei som var her før oss sit godt fastgrodd i murpussen og manar
tankane ut på fri vandring. Lyden av den jamne rullinga frå kjevlet over
bakstfjøla blir kun avbrote av ei godsleg knitring i vedomnen borti
kroa, medan mjølgøyva flyg som små tryllepulverskyer i den blanke
ljosken, og ein halvsteikt leiv tikkar godgjerande på takka.
(Tryllepulver har forresten erfaringsmessig særs dårleg effekt på
halvblaut deigknoe...) Slike stunder gjev næring til utvatna fantasi, og
ein vinst å gå livet nærare etter i saumane. Gamle kjenningar får sine
stumme helsingar sendt via tankeoverføring, og gjennomlevde minne
passerer revy under det støvete tørkleet. Når eftaskymminga sig på utom
gluggen og siste leiven er ferdigsteikt, er kvardagsflukta over for
denne gong, og status er gjort opp før døra om nokre dagar skal opnast
inn til det nye året.
Etter
endt bakst er det hiven å sige ned i godkrakken med Boka i fanget og
stinge føtene under den varme bikkja for maksimal nyting. For meg ber adventstida gjerne preg av eldre litteratur -bøker med einlèta
omslag og gulna sider, men med dertil forrykande innhald. Eitt av
høgdepunkta har nok vore nokre av forteljingane til Barbara Ring i
samlinga "Fnugg" frå 1923. Ring er nok mest kjend for novella "Itt`no
knussel", men særs djupt inntrykk gjorde forteljinga "Mor"på
meg. Her får vi høyre om ei einsleg mor som i årevis har spinka og spara
på kronene sine for å kunne kjøpe ein liten plass åt seg og sonen. Når
sonen derimot veks seg stor, får han alle pengane hennar for å dra til
Amerika saman med ein kamerat. Han lovar å sende bod etter mora når han
er etablert i framtidslandet, for så å sikre henne ein trygg alderdom
der borte. Men livet går ikkje alltid som ein drøymer...
Ivar Kleiven gav ut fleire bøker
som omhandlar distriktet vårt frå gammal tid. Halve gleda er å lesa
alle dei saftige, gode utrrykka og vendingane som i dag mest er borte
frå språket vårt, men også dei levande skildringane frå det sprudlande
folkelivet er ein fryd å drøyme seg bort i. Bøker spekka med levande
lokalhistorie skrive på fengjande vis.
Det
lyt også nemnast eit fortryllande juleeventyr Olav O. Aukrust har
skildra i boka "Nisser og småtroll", fornøyeleg gjennomillustrert av
Kjell Aukrust. Den vesle nissen Nigards-Truls er granne
med Oppigardsnissen Nils, og det er berre Storfurua som skil dei
to plassane frå kvarandre. Oppigards-Nils har ei gammal lus,
Siri, buande i topphuva si, medan småtrolla Bertil, Olvar og Signe bur i
eit utgammalt skjorreir øvst oppe i Storfurua. Livet til desse små
karane er framifrå lesnad for både store og små, og eignar seg særs godt
til familiær høgtlesing på lange romjulskveldar. Når ein toppar alt
dette med Prøysen sine små stubbar og folkekjære, stutte historier, har
ein mang ei tyleg stund i lampeljoset i vente.
Bloggar: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar