Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 26. november 2015

Mine beste leseminne frå 2015

Det svir i hårrota når eg ser at bloggen her har vore understimulert i fleire veker... Bøyer meg audmjukt så langt ned i sorpet eg kan i denne tronge broka, og kjem med ei oppdatering av bøkene eg prata varmt om i grannebygda Vågå førre onsdag:

Prinsesse Bari av Hwang Sok-Yong:
Prinsesse Bari blir fødd som den sjuande av ein søskenflokk på 7 jenter i Nord-Korea på 80-talet. For å roe gemyttet på faren, som rasar over at dei får berre jenter, tør ikkje mora anna enn å leggje barnet ut i skogen for å døy. Den nyfødde blir derimot redda av familiehunden, som dreg henne med seg heim og inn hundehuset på eit sjal. Der finn farmora jentungen, og namnar henne Prinsesse Bari etter myta om prinsessa som laut gjennom ei mengd umenneskelege strabasar for å finne Livets Vatn ved Verdas Ende. Bari har arva dei synske evnene til bestemor si, og kommuniserer både med den døve syster si og hunden Chilseong, samt at ho merkar nærleiken til døde sjeler rundt seg. Etter hungersnaud og flaumkatastrofe blir familien til prinsesse Bari skilde frå kvarandre, og ho reiser først til Kina, før ho etter kvart hamnar i Storbritannia.
Dette er kanskje den beste boka eg las i året som har gått, og fortener verkeleg mange lesarar!


Olive Kitteridge av Elisabeth Strout:
Ein forunderleg god vri på ein roman! Her møter vi den pensjonerte matematikklæraren Olive Kitteridge, hovudpersonen som gjennomsyrar heile boka utan å ta den alt for store plassen. Gjennom 13 ulike fortlejingar, mest som i novelleform, får lesaren via andre sine historier eit godt innsyn i livet til den smågrinete kvinna frå den vesle kystbyen i Maine, på same tid som Strout målar fram eit variert og godt bilete av livet til fleire av dei andre innbyggjarane. Olive er gift med den litt tøffelheltaktige mannen Henry, som i godt vaksen alder blir sitjande som ein språklaus pleiepasient etter eit massivt hjerneslag. Og det er her, i dei seinare åra av livet til Olive, at vi verkeleg får sjå kva som bur denne særeigne dama som ikkje alle har berre godt å seie om -heller ikkje den einaste sonen hennar...  Boka er filmatisert, og tvserien har vorte særs godt motteken. Verkeleg ei bok å ta med seg!

Barneloven av Ian McEwan:
Advokaten Fiona lever i eit barnlaust ekteskap med Jack, som ønskjer at Fiona skal bli meir frilyndt og erotisk aktiv. Jack går etter kvart lei av at Fiona ikkje engasjerer seg meir for at dei skal få eit rikare seksualliv, og ønskjer eit sidesprang for å leve ut lystene sine.
Midt oppe i dette får Fiona på si side brått ansvar for ei sak der eit sjukehus stemner eit foreldrepar for retten for å nekte den leukemiramma 17 år gamle sonen sin blodoverføring. Dei er strengt religiøse og tilhøyrer Jehovas Vitne, og etter deira overtyding skal ikkje eit menneske forureine krioppen sin med andre sitt blod. Fiona finn det naudsynt å besøkje den sjuke, unge guten på sjukehuset for å klarleggje om han forstår alvoret i situasjonen. I mellomtida går privatlivet sin håplause gang... McEwan har med denne romanen forfatta eit viktig dokument som mange burde ha ineteresse av å lese. Personleg sat eg att med så utruleg mange kjensler då boka var slutt, at eg gjerne skulle hatt nokon å snakke om temaet med, og boka kan dermed absolutt anbefalast for lesesirklar!

Redd barna av Tiril Broch Aakre:
I denne vakre boka møter vi Tanja ein dag i desember. Ho skal følgje borna Tore og Jorid til barnehagen og skulen, medan mannen hennar, Paul, skal på legekonferanse i Brussel. For eit halvt år sidan mista dei den 17 år gamle dotter si etter ei bilulykke, men er no i gang med å førebu 20 års bryllaupsdag. Tanja slit med sorga, og får besøk av broren, ein narkoman outsider, som også har vore fengsla. Han fortel ting om Paul som Tanja ikkje visste om.
Broch Aakre skriv i eit nydeleg, poetisk språk, og skildringa av snøen som berre lavar og lavar ned legg ei mjuk, dempa stemning over det heile. På same tid opplever lesaren nesten på kroppen kor uoverkommeleg daglege gjeremål kan bli når sorga heng over alt.
Ein gripande roman i lite format, der mykje av opplevinga ligg i det som står skrive mellom linene. Ein forfattar å leggje seg på minnet.

Det frosten tok av Kari Nygaard:
Boka byggjer på ei faktisk hending frå Gauldalsvidda i 1811, der ein gjeng bønder gjekk til åtak på ein reinsflokk til streifsamane på vidda. Det var tronge kår etter Napoleonskrigane, og bøndene hevda at samane tok seg til rette i fjellet deira. Dei slakta heile reinsflokken, og sette fyr på dyra dei ikkje fekk med seg heim.
Midt i dette dramaet møter vi to kvinner, ei frå kvar side av konflikten. Bondekona Lea og samekvinna Marjja er to sterke damer som må stå saman mot svolt og naud, og etter kvart også mot samfunnet som går mot dei. Marjja brukar urkreftene til å kalle på hjelp i vanskelege situasjonar, og utanforståande hevdar ho driv med ei form for hekseri og trollskap, medan Lea ser og lærer mykje av kunnskapane til samekvinna.
Ei god leseoppleving, ei god historie som vil fenge mange lesarar!

Du kommer i dag av Karsten Alnæs:
Denne romanen skreiv eg om i går på bloggen Det leste i livet er gratis, så her kan de berre klikke på lenkja, så les de omtala om den særs sterke boka der. Boka burde vore livspensum, om ein kan kalle noko for nett det...

I tillegg til desse bøkene, nemnde eg stutt følgjande bøker som berre MÅ lesast:
Roy Jacobsen: Hvitt hav
Edvard Hoem: Bror min på prærien

Med dette har eg gjeve mitt bidrag til lesetips for jula, og har du lese alle desse, kan eg med glede  prate om ein haug til -då i munnleg (som eg er likar aller best). God lesnad!

Bloggar: Merete




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar