Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 9. november 2015

Drift!

Det turar og smell, dunkar og klirrar. Det blenkjer i haustvåte gravemaskinskuffer, og refleksjakker lyser i skinet av dogga billykter. Det vesle skiltet framfor trappa på gammelprestgarden tør knapt nok glytte framom kanten av gelenderet, og trehjulssyklar på eftastur får ein ekstra stopp ved synet av den gilde drifta. Parkeringsplessen ved gamle Loar skal shinast opp, og bibliotekbrukarar må smørje seg med omvegar rundt avsperringar og maskineri. Dette blir bra!

Utsyn frå bibliotektrappa 09.11.2015 Drift!


I morgon blir bloggaren borte, så difor ei lita oppdatering i dag -i frykt for at lånarar ikkje lit seg innåt døra her for tida. Ta med trehjulssykkelen, dokkevogna, og elles den du måtte ønskje, og ta turen innom oss att onsdag. Vi er på plass, og drifta går sin gang. Velkomne innom!

Bloggar på farten: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar