Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. november 2015

Styggtidlegtog og dumt plasserte doskilt

Sist veke var assisterande bibliotekleiar bortreist heile 2 dagar, og bloggen vart altså ikkje oppdatert. Dette vil ikkje bli nokon vane, då vi her på huset ikkje har tid slik farting dei komande månadene. Med 28 timar ope bibliotek kvar veke fordelt på 1,54% i stillingsressurs, seier det seg sjølv at vi blir ved vår desk -noko vi trivst særs godt med. Men kulturkonferanse og bibliotekseminar -nei, det er slikt som må til!

Fyr på peisen på Cafe stasjonen
Ein må ta styggtidlegtoget for å kome seg til OL-byen tidsnok frå Lom ein vanleg tysdagsmorgon, men ein god husmannsfrukost på Lillehammer stasjon ved 7-tida gjorde stuttnatta verd det. Havregraut, kokt egg, kakuskive, juice og kaffe i eit nesten tomt, triveleg lokale er beint fram stas. Takk til Cafe stasjonen for sunn oppvakning! Så får det berre stå si prøve at eg drog meisterkortet ein fem-seks gongar utan å kome inn på herrretoalettet for å tøme ut oppsparte dropar etterpå... Eg gav meg då ein ung herremann med flagrande skjerf om halsen kom og berre simsalabim forsvann inn. Kortet mitt verka heldigvis etter kvart på nabodøra. Hadde eg enda teke dei høge hælane og gåbortbrillene, så hadde også eg sett skiltet langt der oppe på den blå porten. Neste gong, kanskje.
Dei blir hengt for høgt for ein vanleg Norddøl, desse skilta...

På kulturkonferansen lot eg meg imponere stort av Ole Petter Nyhaug, som snakka om trender i ungdomskulturen. For ein mann, for ein bakgrunn, for ein kunnskap, for ei formidlingsevne! Alle burde jo få oppleve denne mannen!

Elles måtte eg berre knyte opp tørkleet over alt dei har fått til med Popkult Gjøvik. Tenk å få til alt dette på ein og same plass! Tenk å få vere brukar ved eit slik oppkome av aktivitetar i slike velutstyrte lokale! Litt misunneleg, men absolutt mest imponert. Dyktige folk! Brått angra eg bittelitt på at eg ikkje fekk med meg også første dag av denne flotte konferansen...



Noko av det beste ved overnattingsopphald i jobbsamanaheng, er møta med andre i nokolunde same situasjon som ein sjølv. Det inspirerer og motiverer noko grenselaust, på same tid som ein blir møtt med forståing for utfordringar ved eigen arbeidssituasjon. Bibliotekseminaret onsdag var ikkje sømndyssande i så måte! Før lunsj fekk vi oppleve eit bibliotekprosjektmaraton av ei anna verd, der ei mengd bibliotek i Oppland presenterte eitt av sine prosjekt på 5 miniutt. Utover økta kjende eg hakesleppen tyngje meir og meir, og då vi rusla til lunsj, laut eg dytte underkjeven på plass att for å kunne smile pent med bibliotekleiarassistentmaska mi. SÅ mykje opplandsbiblioteka får til! Kor stolt eg er over å få vera ein del av denne gjengen! Så får det berre stå si prøve at eg ein gong har betalt godt over hundrelappen for å tømme blæra på Lillehammer stasjon...


Småskobloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Du skriv så godt, at eg lev meg inn i det biblioteklivet du fortel om. :-) Eg er jo sjølv ein del av bibliotekkvardagen, men likevel. Ha ein fin dag! :-)

    SvarSlett