![]() |
Med bleikrosa lerret... |
Tanken sveipa brått innom kvinsur nordavind med isdropar som nålestikk i kinna, glatte fjellvegar og sleipe stigar rundt fiskevatna. Tjuvfiskarar som må irettesetjast, nedslitte båtar som treng vedlikehald, registrering- og dokumentasjonsarbeid, administrering av uante oppgåver... kanskje fjelloppsyn er meir enn berre flotte turar i vidunderlege fjellområde?
![]() |
Lomseggen med skjerf. |
Sanninga er jo at vi alle sit med alt for lite informasjon om dei ymse yrkesgruppene til at vi kan seie noko om korleis andre har det i sin jobb. Vi verner om det vi sjølve kjenner som viktig, og har lett for å blåse av andre sine oppgåver gjennom arbeidsdagen. Vi stikk saman dei meir eller mindre velfriserte hovuda våre og tiskar om kor merkjeleg andre disponerer tida si på jobb, kor unødvendig det må vera med så mange tilsette på einskilde arbeidsplassar, om kva for jobbar vi ser på som viktige -og mindre viktige. For vår profesjon er jo ein av dei viktigaste uansett, vi er nyskapande og kunnskapsrike, målfokuserte og serviceinnstilte, framtidsretta og underbetalt, vi har det travelt -vi er blant dei som teller, faktisk.

![]() |
Min fjelloppsynsdraum... |
Når eg no om litt skal senke den tunge bakenden min ned i godstolen på bakrommet med youghurten og fuglefrøa mine i neven, skal eg sende ein ekstra varm tanke til reinhaldar Vigdis, som i går reinsa stolane våre for syltetysøl, inntørka kaffidropar og knekkebrødsmuler. Attpåtil har ho i heile dag svinga seg nynnande att og fram over dei store golvflatene våre med eit maskineri eg ikkje veit namnet på, men som hadde nokre gilde padar roterande under skiva. I tillegg har vaktmeister Stein Kåre tetta kranlekkasjen både på vaskerommet og avlukket vårt, så vi slepp vasspruten i bringa når vi opnar for ein skvett. Kva skulle vi gjort utan dei?
Og fjelloppsyn? -Nja, det kan eg jo drøyme om når eg vil, men eg er styggeleg redd både fisken, fjellet og menneska ville vore dårleg tent med meg i den jobben... Ønskjer deg heller ein strålande dag på jobb, der du er!
Bloggar: Merete
PS: Yrkesstolte skal vi alle vera, mistforstå meg ikkje!
PS: Yrkesstolte skal vi alle vera, mistforstå meg ikkje!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar