Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. september 2015

Opne båsane!

Mennesket er eit merkeleg dyr. Når vi møter ei anna utgåve av arten, har vi gjort oss opp ei meining allereie før vi har utveksla ord. Vi ser kleda, håret, tolkar kroppsspråket, observerer veremåten overfor andre som måtte vere rundt vedkomande. I tankane våre har vi på førehand gjort ein bås klar for dette mennesket, ein bås vi etter overraskande stutt tid meiner er den rette staden å plassere dette vesenet. Vi kunne like gjerne klikka fast hengelåsen med det same, for å flytte same vesenet over til ein annan bås -nei, det er slett ikkje like greitt. Då må vi gjerne sjå litt nærare etter kven vi sjølve er, og det kan gjere vondt. Nett det kan vi lettvint unngå. Og menneske forma for ein særskild bås let seg ikkje forandre, naturlegvis...

Litt det same er det med bøker, lånarar og bibliotek. Like mykje som vi lyt vere varsame med å skode menneska på sveisen, lyt vi som bibliotekarar akte oss vel for å setje både bøker og lånarar i bås. Ein dag les eg nynorsk lyrikk, ein annan smukikar eg i Grey, medan eg seinare fordjupar meg i Hamsunske vendingar og ser stendig nye sider ved hans store produskjon. Ingen lånar er meir interessant enn ein annan, heller, men nokre av dei gjev oss større utfordringar enn andre. Det er slett ikkje alltid det er akademikaren som utfordrar oss mest. Litteraturen er like mangslungen som menneska, og i eitt og same vesen av eit menneske kan det bu så reint utruleg mykje. Vi har ikkje ein type litteratur som eignar seg betre for akademikaren, og ei anna type bøker som eignar seg best for den narkomane heimlause. Vi har alle bruk for bøker av ymse slag, på lik line med at vi utviklar oss i lag med ulike typar menneske. Biblioteka treng alle desse ulike mennesketypene like mykje som dei treng alle dei ulike bøkene. Ingen lånar er meir verd enn ein annan, og husmorporno kan vera like grei lesnad som Dostojveskij -og omvendt.

Stian Hole MÅ lesast, nytast og lesast om att!
Sist Ho Sjølv var "heime" (les: i gammelprestgarden), kom vi i prat om nett dette med bøker, og kor vanskeleg det er å formidle nokre av dei. Det rare er at det gjerne er bøker ein skulle tru ville passe dei fleste, som vanskelegast let seg formidle. Ho Sjølv vedgjekk frilyndt at ho hadde tørka tårer i einsemd på ein trong hybel då ho ein av dei siste dagane fordjupa seg i Stian Hole sine vakre uttrykk i bokform. Det var jo noko eg sjølv hadde gjort ved fleire høve, det visste vi jo båe frå før. Men kven får vi lånt ut desse bøkene til? Desse nydelege kunstuttrykka til Hole treng dessverre iherdig formidling for å nå ut til det store publikumet dei fortener; vaksne som unge, skolerte som analfabetar. Fleire fantastiske biletbøker går under same kategori, og mange av dei burde etter mitt syn vore pensum i ungdomsskulen. Dei fortener ikkje ein fastlåst båsplass i biletbokkassene på barneavdelinga.

Likeeins Leo og Mei...
For ein gongs skuld var også Ho Sjølv og vikaren hennar denne dagen heilt einige i at Leo og Mei av Synne Lea er ei av dei vakraste forteljingane vi båe har lese. Nydeleg språk, vidunderleg fortalt gjennom gode karakterar i ei særeigen historie. Vi gret ein dårleg skjult skvett båe to, kanskje over våre overraskande samstemte meiningar, men også over det vakre ved litteraturen og det såre ved å ikkje få noko av han ut til eit større publikum. Så var vi attende til starten, då; kven er eigentleg den rette lesaren for ei slik bok? Kanskje vi må opne båsane våre og sleppe til dei vi minst tenkte var dei rette for nett den boka? Vår haldning til mennesket og boka er ikkje uvesentleg, på same måte som vår haldning til yrket er vesentleg.

Elles er det i grunnen greitt at Ho Sjølv tørkar ei og anna tåra i einsemd på ein trong hybel. Det er meir enn nok rom i gammelprestgarden, det har eg sagt til henne.

Bloggar i det fri: Merete






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar