To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. september 2015

Difor er eg bibliotekar

Minnet har brent seg fast som ein skinande krystall i berget: Bestemor i den djupe stolen med oldemorrutene framfor den knitrande jøtulomnen. Bestefar tett attmed, ruggande sakte i gyngestolen, lett framoverbøygd mot den gamle kona. Bestemor i strikkavest og forkle, med brillene ytst utpå nasen og lesnad i fanget. Den trauste stemma, den mjuke munnen som forma orda, las og fortalde -som ein song i øyro på barnebarnet som dingla med føtene på krakken borte ved utslagsvasken. Støvet som dansa i den bleike solstrima innover golvet, kvervla opp og fauk bort med orda som leika seg gjennom lufta. Bestefar med falda hender over magen, bleike augo som ikkje lenger hadde nytte av briller, stilt lyttande etter bestemor sine ord, hungrande etter nytt frå avisa og spenning frå bokskattane. 

Jenta på krakken kjende at ho var vitne til noko viktig. Dette var messom noko større, og på eit vis enno viktigare, enn dei gode stundene på fanget til mor eller far, der forteljinga sveipte jenta inn i ein kokong av lykke, spenning og forventing. Spira til leseglede var sådd for lengst, men denne ettermiddagen gav næring til vissa om kor viktig formidlinga er for mennesket, kor stor glede vi kan ha av lesing og forteljarkunst. På heimtur gjennom skogen denne eftan fortalde jenta frilyndt ei sjøldikta historie til fuglane, maurane, blomane og humlene -lykkeleg uvitande om at nett dette skulle vera kimen til eit framtidig levebrød som formidlar av skrivne ord. 

Dette er utdrag av eit blogginnlegg eg skreiv nokre år attende, men som ikkje har vorte mindre aktuelt med tida. Formidling har vorte ein større og viktigare del av livet som bibliotekar enn det har vore nokon gong tidlegare, ein viktig grunnstein i bibliotekaryrket som ikkje kan bytast ut med sjølvbetente løysingar og meirope bibliotek. Naturlegvis er det flott med ein teknologi som gjer det mogleg å frigjere arbeidskraft til andre gjeremål, på same tid som biblioteket blir meir tilgjengeleg for brukarane, men ikkje alt kan erstattast av teknologiske nyvinngingar og tekniske løysingar. Det mellommenneskelege møtet der kunnskap møter ope sinn, der dialogen stimulerer relasjonen og leitar fram ønskje og behov, er eit viktig aspekt ved livet i og rundt litteraturen. Gode bokomtaler på nett og aviser kan aldri erstatte dette møtet mellom lesarar, mellom lesar og bibliotekar, mellom barn og vaksen, men kun liggje som eit supplement til ein uoversiktleg svammel av god og mindre god litteratur.


Korleis skulle vel eg kunne oppdage gleda ved dei gode historiene om det ikkje hadde vore for den mjuke mammastemma som fortalde dei gode eventyra på sengekanten, den muntre pappastemma som serverte artige skrøner rundt kaffebordet, den varme bestemorstemma som las nyhende frå den store verda for bestefar, den ivrige læraren som så levande formidla historia om Synnøve Solbakken og Torbjørns kamp for å få den vakre jenta frå solsida? All verdas stive bokpermar kan skjule så mykje kunnskap og levande historie dei berre vil, men broparten av dei er såre avhengige av god formidling for å møte det rette mennesket til rett tid. Difor held eg fram i eit yrke i endring, og difor blåheld eg på dette som er grunnmuren i livsoppgåva mi. Difor er eg bibliotekar.



Formidlande bibliotekar: Merete


1 kommentar: