På si vandring gjennom biblioteket i refleksvesten i dag, fann eitt av desse framtidshåpa eit ekte skattekart i ei velbrukt, litt krasafaren sjørøvarbok! Boka såg skummel ut i seg sjølv, med ein hovudskalle som blinka kvasst mot oss gjennom ein diamant innsett i den eine augehola. Dei små fingrane bretta varsamt ut det slitte skattekartet, medan fleire par store augo titta storøygde over oksla på den spente skattejegaren. Fanst det verkeleg ein skatt, her inne på den gamle presetgarden? Dermed var jakta i gang. Varsamt luska ein snodig liten gjeng seg fram blant hyllene, snudde og vende på kartet, diskuterte kvar dei til einkvar tid heldt seg i følgje kartet, og kva som kunne finnast ved et målet -den gilde, raude krossen der løyndomen låg gøymd. Hadde andre sjørøvarar funne skatten før? Kunne vi snart ringje lokalavisa Fjuken og melde frå om eit funn av dei heilt sjeldne? Det sitra spent gjennom dei små kroppane, og barnebibliotekaren lot seg rive med. Så spennande!
Så kan ikkje gleda vare evig når ein er einsleg på jobb: Telefonen ringte iltert inne på kontoret, og jakta var over for min del. Men vonbrotet var nok enno større for den vesle skattejegaren, som hadde mist den eine jaktkompisen etter den andre gjennom vandringa si, og no endeleg var framme vel målet. Med eit trist drag i andletet og kartet tafatt dinglande i eine handa utbraut han skuffa, der han stod tett attmed vakthavande bibliotekar; "Å nei, det var berre ei gammal kjerring som var skatten her..."

Jaja, ein får tru at dei finn ein likare skatt på skulen, for læraren lova dyrt og heilagt ut at kartet skulle få kome fleire til gode når dei kom attende til klasserommet. Sjølv trøysta eg meg med at den gildaste skatten, den får dei alle utlevert hos læraren ein dag med det første: sitt eige, skinande nye lånekort.
Bloggar: Skatten Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar