Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. september 2015

Diktet blir vise -og vise vil dikte...

I dag er ein av dei dagane då barnebibliotekaren gjer slikt ho ikkje kan. Det blir visst mange av dei dagane no. Ho som har hatt styr på alt, som har fylt ut alle skjema, teke dei vanskelege telefonane, gløymt å vatne blomane, søkt på alle prosjekt og kome for seint til møta -ho trippar no rundt i byen med musefletter, småsko og stuttskjørt. Skulejente. Eller student, som ho kallar det. Eg som trudde ho kunne alt!

Attende sit ein barne- og ungdomsbokformidlar og ser på straumen av kryptiske e-postar som fyller skjermen, pirkar borti rekningar ho ikkje skjønar korleis ho skal få ut av systemet, stryk over kopimaskina i håp om at telleverksavlesinga kjem tytande ut av seg sjølv. Og heile tida denne kampen med å undertrykke draumen som så sterkt vart vekt til live att denne helga: Fantasien om å gøyme seg bort i fjellet, skrive si eiga bok, gje ut si eiga tekst. Diktardagar dette året var som å kaste tennvæske beint inn i varmen for ein som har pusla med tanken om å Skrive.

Eit tettpakka program, med innslag for einkvar smak frå fredag til sundag, drog mange langvegsfarande til bygda denne første sepetemberhelga. Ane Dahl Torp i glimrande samspel med Sjur Miljeteig opna det heile med ei imponerande framføring av Haugtussa. For meg, som hadde to tilårskomne damer i bilen, vart dette møtet med Haugtussa overraskande nytt og dramatisk varmt. I bilen "søte" (les: austover) mot Vågå, song mi kjære mor dein eine remsa etter den andre frå si barndoms Haugtusse, ein lærdom med strofer som sit klistra for all ettertid bak den mjuke luggen. Denne Tussa var derimot ei heilt anna, tett fulgt av eit spektakulæert ljos- og lydshow som toppa det heile. Mållause sat vi i bilen heim og filosoferte over kva kunsten kan gjere med oss. Alle dei ulike uttrykka som gjev så sterke inntrykk. Og Dahl Torp kan ein berre bøye seg i sorpet for!


Diktarmiddagen på Fossheim hadde dessverre ikkje underteikna plass til under broklinniga, men det var visst ein flott kveld med utsøkt mat og framifrå underhaldning, etterfulgt av ei vidunderleg stund med allsong i den praktfulle stavkyrkja vår. Laurdag stod eit innhaldsrikt seminar for tur, med store namn som Anna Kleiva, Mari Skeie Ljones, Ola E. Bø, Kirsten Bråten Berg, Stein Versto og Knut Olav Åmås ved kateteret. Sjølv valde eg å putre meg til Vågå att for å høyre ein av favorittforfattarane mine fortelje og lese frå sine vidunderlege tekster under litterær lunsj på Bokhandelen Kafe. Ruth Lillegraven har ei røyst å drøyme seg borti, å snufse av, å bli inspirert av... Sjølv vanst ikkje forfattaren meir enn å spurte av stad til neste lunsj i Skjåk, og ho enste nok knapt den raudøygde bibliotekaren på fremste bord med servietten flekkete av tårevåte spor.

Denne dama, altså! Ruth Lillegraven.
 På same tid heldt Dagfinn Nordbø og Det norske poesi og satireorkester minikonsert hos Bakaren, musikarar som verkeleg er verd å merke seg! Litt etter heldt sjølvaste Inge Eidsvåg foredrag om Tor Jonsson oppe i stusslegstugu, ein mann som støtt er like engasjerande å høyre på. Kl. 18 var det endeleg klart for den gedigne festkvelden i Utgard, der Anna Kleiva velfortent vart tildelt Diktardagarprisen 2015. Alle dei store aktørane heldt så lang og flott ein konsert at bokbadet på Fossberg vart bortimot ein time forseinka. Vi kan i alle fall seie det slik, sjølv om realiteten var at Ingar Sletten Kolloen stod i nettoen på hotellrommet og meinte han hadde all verda av tid så seint som tre kvarter etter at bokbadet skulle vore i gang. Forfattaren, som nytta høvet til å tilby ei lett snørrete Magnhild Bruheim healing, hadde notert feil tidspunkt i avtaleboka si, men prata det heile galant inn att utover kvelden. Ein flott kveld der Bruheim fekk fram det beste hos både Anna Kleiva, Ruth Lillegraven og herr Kolloen. Så får eks-sjefen ha meg unnskyldt for at eg ikkje vart med på pubkvelden etterpå, der ho garantert digga høglydt til lyrikken og musikken av  Dagfinn Lyngbø og orkesteret hans. Ho har det med det. Sjølv måtte eg berre heim og spinne vidare på draumen Ruth, Anna og Ingar hadde blåse liv i att.

Billingen Seterpensjonat
Sundag stod Skjåk for tur, med kanskje nokon av dei vakraste opplevingane denne helga. Vandringa på Diktarstigen gjekk fram mot seterpensjonatet Billingen i fint haustver, der det vart servering og nydeleg konsert med Sol i skuggeskog. Dei tonesette dikta til skjåkværen Finn Sandom har gjort stor suksess i heimetraktane og langt utover landet, og med slike omgjevnader berre måtte det bli bra!

Under heile helga hadde vår eigen Runaug Venås salsutstilling i Utgard, med vidunderlege, vakre bilete, som om var dei frå ei anna verd!
  Avslutninga sundagskveld, med utstilling av gamalt handarbeid samla inn av Bygdekvinnelaga i Lom og Skjåk, samt Ruth Lillegraven i samtale med eks-sjefen kring boka Urd, var ei verdig og fin avsltning på ei lang helg. Trist var det då at så få møtte opp på dette siste arrangementet, og at så få lomværar i det heile stilte opp på dei flotte arrangementa. Bygdedyret lever kanskje litt for godt i grendene våre enda, og kanskje finst det dei blant oss som er redde for å bli sette i bås med kulturkjerringene? Den frykta kan de imidlertid berre leggje av dykk, for Diktardagar er og blir eit utruleg flott arrangement for alle med sans for Ordet. Og dei veit eg det finst mange av i Lom!

Bloggar: Merete med Draumen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar