To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. september 2015

"September med storklokkom kimer"

Lite tid til bloggskriving denne veka gjer sitt til at vi gjer eit unnatak og deler desse orda og bileta frå eit tidlegare innlegg denne gongen:

Vi Norddølane har i generasjonar patriotisk hevda at naturen og dei storslegne omgjevnadene mellom fjella her har vore ei av dei største inspirasjonskjeldene for fleire av våre kjæraste lyrikarar og forfattarar. Slik Jotunheimen framstår denne hausten, med eit verdrag som framelskar dei vakraste sidene ved skog, fjell og vatn, kan det ikkje lenger såast tvil om dette. Vi bur og lever midt i eit eventyr, eit heilt under som fortener å bli formidla både i ord og bilete -om att og på ny. Denne septembertysdagen blir såleis ein hyllest i audmjuk takksemd til den norske naturen si storslegne gåve til folket, fulgt av sitat frå to av våre fremste innan ordmagi, Olav Aukrust og Knut Hamsun. Så kan vi berre halde fram med å jobbe for og be om at eit framtidig Diktarhus i Lom ein vakker dag kan blir realisert til ære for lyrikarane våre -rett hus på rett stad. Les, sjå, nyt og drøym:


"Høsten er kommet med synkende sol,
sommerens skoger er gule og røde,
nætterne kolde og øde."
Knut Hamsun, Det stunder mot regn

"Jeg bøier mig sammen med tak for ikvæld
og tror på en morgen så klar og høi."
Knut Hamsun, Diset kvæld








"Jeg går og pusler i skogen  
og tænder et bål ved kvæld.
Nu slukner en dag i vesten
og månen står halvt påhæld."
Knut Hamsun, Ved nyingen












"Det klårnar i høgdi. Sjå skoddi sig.
Hanen, han gjèl. Og røyken stig-
det er uppljost att no! Det var rengvêr i går.
No tykkjer eg dagen så signa og klår.
September med storklokkom kimer."
Olav Aukrust, Det haustar










"O høst med dit skjønhets væld-
hist tændes på himlen det ild-alfabet
som fordum blev tydet av præst og profet,
nu leder hver vandrer i kvæld."
Knut Hamsun, Høstdag









"ein vert ståande storglad og stire:
leidi lyser so langt
fjelli skin så skire
i stål-ljost og blått og blankt."
Olav Aukrust, Èlingar








"Det tasser og lever i skogen
endskjønt det er natten og alt er til ro.
Jeg ligger på ryggen og tænker i mørke
og kjender mig vokse og gro.
Jeg ligger og skriver på himlen
og bortover stjærnenes hær med min sko.

Det tasser og sysler i skogen.
Den lyd ifra stråene kjender jeg før;
de sydet så gule i dag i solen,
nu knækker de over og dør.
Og granernes nåler falder,
den lyd er så inderlig liten og skjør."
                                                                                    Knut Hamsun, Høstnat



"Sol i seinhaust
og kveldsvind fløymde,
ein Guds avglans
imot meg strøymde
frå blomar solfengde, barnebleike
som skolv og fraus der, oktoberveike,
men å, so reine,
so sorgalskire og mott åleine,..."
Olav Aukrust, Avglans





Fotograferande bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder, flotte dikt. Til å drøyme seg bort i.

    SvarSlett
  2. For nokre fantastiske gode dikt og vakre bilete de har funne fram. Tusen takk.
    Mvh G M

    SvarSlett