Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. oktober 2015

Falch og min betre halvdel

"Dokka hadde vore slem. Inga pute ut veka."

Etter lange, hårrivande dagar på eit mennesketomt kontor, fann eg i dag ei mager trøyst i dei vidunderlege bøkene til Sigmund Falch. Han er ute med eit nytt tilskot til dei frå før høgt skatta, særeigne biletbøkene sine, "Den slemmaste dokka i Drammen", og i registreringa laut eg naturlegvis ta ein smugkik. Og der, mellom to brune permar, fann eg min sjelevenn i nauda. Eg trur Falch må ha opplevd noko liknande det eg sjølv dagleg kjenner på kroppen; saknet av ein sparringpartnar som toler det meste, som kvesser attende med same spisse nebb, som kjem med motargument når du har pønska ut ein grensesprengjande idè, og som mest av alt verkar som limet i arbeidsdagen din. Med dobbeltsidig tape som aldri glepp. Ein slik partnar kan aldri bytast ut med ein utenleg pc, eller andre apparat for den saks skuld. Eg treng ikkje nemne namn.

"Då han kom attende på kontoret etter lunsj, var sekretær Moen bytt ut med eit slags apparat."
Dei to andre eg deler nokre vekedagar i gammelprestgarden med, tør eg ikkje fare så framtungt åt med. Dei tener bibliotekyrket rettferd med sine milde vesen og varsame framtoningar, og lyt sleppe slik åtgaum som somme andre tiltrekkjer seg. Men av og til, når arbeidsdagen ikkje strekk til, og ugjorde oppgåver går i vranglås, dagdrøymer eg om at eit kvinsurt kvinnehyl kan høyrast herifrå til Byen. Det er slike dagar då alle hjelpsame kontormedarbeidarar fekk unna sine haugar før middagen venta. 

"Han ropa og ropa at han sat fast, men alle hadde gått heim."
Då kjenner eg det på skrotten, sterkare enn nokon gong, at arbeidsdagane våre var av det særeigne slaget. Vi hadde kjemi, sa folk. Takk og lov for slik kjemi! 

"Dei hadde jobba ved sida av kvarandre i over tre år, men hadde aldri veksla eit ord. Dårleg kjemi, vart det sagt."
I slike stunder blir eg ikkje mindre redd at det skal gå med henne som med Tore i Falch si skildring. Slik kjemiprat har jo sine særdrag -vendingar som ikkje er så lett tilgjengelege for utanforståande.

"Vel heime etter fire års studium i hovudstaden oppdagar Tore at han ikkje lenger forstår dialekten til foreldra."
Nei, eg trur tida snart er mogen for ein bytur. Måtte alle mine kjenningar der i vrimmelen sjå til at ho ikkje får fine vanar som vanskeleg let seg kombinere med barndomsvenniner frå heimegrenda! Sjef Rita -du får besøk!

"Ragnhild hadde vorte stor på det. Ein gong i veka gjekk ho ut for å eta."
Takk, Falch, for dine vidunderlege glansbilete og snertne replikkar!

Bloggar i svart-kvitt: Merete
Alle bilete og sitat er henta frå Sigmund Falch sine bøker "Ho peika på Ceylon og viste ein pupp", "Ingen fridde i Jølster" og "Den slemmaste dokka i Drammen".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar