Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. oktober 2015

Fyrestev


Dei haustdagane fjellbygda Lom framstår som den jordiske perla ho verkeleg er, blir både kar og kvinnfolk, innbyggjar og tilreisande, fjetra av dei overveldande storslegne inntrykka. Dagane går litt seinare, netthinnene blir litt blankare, og hugen blir ikkje så reint lite friare enn på desse gråblaute kvardagane som elles er oss så kjende denne årstida. Og inst på kyrkjevollen står ordkunstnaren sjølv, Olav den Store frå Aukrust, og skodar utover heimbygda han hadde så kjær, innover fjella han henta sin umåteleg gilde inspirasjon frå, og bortover himmelen han bygde Himmelvarden opp for. Rimskoten og rak står han, natta gjennom, dagen så lang han er, som ein bauta for den lomske naturen han så særeigent måla med ord som tekne frå ei anna verd. Denne dagen blir ein hyllest til mannen som helsar oss så stramt God morgon kvar einaste dag ved foten av Lomseggen. Måtte alle få oppleve orda hans til fulle.



"Redd gjennom natti eg Rimfakse reid, 
og burte var stjernur bjarte.
Då rann det sol over helut heid,
då rivna natti den svarte."


"Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
frigjord og sigerskåra."

Utdrag av diktet "Fyrestev" av Olav Aukrust. 
Les Dikt i samling av denne mannen, og jorda blir måla fram på nye vis.

Audmjuk bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Stort og sterkt. Eg har tilfeldigvis Olav Aukrust som vekas portrett på bloggen min. No må eg lese Fyrestev.

    SvarSlett
  2. Så flott at du har portrettert Aukrust på bloggen din! Du må rett og slett lese deg gjennom heile Dikt i samling ved eit høve -det ligg så mykje gøymt inne i den boka som ein aldri opplever i annan lyrikk! Kos deg!

    SvarSlett