

Og det var inga sak! Ho tok skrankevakta på strak arm, scanna inn, lånte ut, stempla og delte ut Sommar+Bok-armband i Vilden sky. Kom det foreldre med ungar på hennar eigen alder, kom ho med supre boktips både til bøker å lesa høgt frå og bøker som ungane kan lesa sjølve. Det var nok ikkje fritt for anna enn at nokre av dei på andre sida av skranken, også kunne tenkt seg sommarjobb som bibliotekar etter at dei såg Vilde i aksjon i dag.
Når det er sommartider og to av tre vise kvinner slangar seg i sol og regn i vekevis i strekk, har det lett for å hope seg opp på bakrommet. Vilde fekk heldigvis ordna opp i litt av kaoset. Ho tok seg av ein kartong nye bøker, hjelpte til med bokplast, Deweynummer og stempling. Vi går ikkje meir i detalj her. Det er ikkje alle bibloitekariske hemmelegeheiter vi deler her i verdsveven, veit de.
Etter ein skikkeleg bibliotekardugurd, skreiv Vilde liste med sine beste boktips og laga fin utstilling. Da klokka tikka mot stengetid, var det att berre rydding av tralla som aldri blir tom for ein ivrig bibliotekar, noko også Vilde fekk erfare. Men kva gjer det når ein hoppar og trallar bøkene på plass? Det Vilde likte best av alt, var å hjelpe folk til å finne bøker. Dette lovar svært godt for framtida som formidlande bibliotekar og for framtida for folkebiblioteka. Vi ynskjer oss fleire Vilder som entusiastisk deler sine beste boktips i sektoren og gjerne dansar bøkene på plass. Arbeidsdagen vart avslutta som seg hør og bør med is til alle etter ein framifrå innsats i litteraturen si teneste. Og trur de ikkje at det dukka opp ein journalist i løpet av økta òg som intervjua Vilde om sommarjobben og bibliotekardraumen. Sjansene er store for at madam Vilde dukkar opp i fyrstkomande Fjuk'. Og båe madammane var skjønt einige om at det hadde vore ein veldig morosam og fin dag på jobben.
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar