Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. juli 2015

Ho tok seg av bluesen og sa ho var bibliotekar.

Inspirasjon: "Hva vet en bibliotekar om rikdom?" Thoralf Hagen

Skulle ynskje eg var finanswoman
ta mitt kveldsbad i kapital
eit glas Perrier Jouet 1825 på kanten
løveføtter i edelt metal

Kunne reise til Seychellene
eller kanskje til Dubai
sjekke inn på Burb-al-Arab
sjeike rattle n roll. Ai , ai!

Med mitt ljose sinn
danse kinn mot kinn
med ein vakker mann
eg hadde kjøpt på ei strand
juhu hu juhu hu


Skulle ynskje eg var forfattar
ein som hadde stor suksess
skreiv setningar to die for
kunne leva godt med det

forguda av menn på gata
av kulturkvinnfolk og fant
elska av strenge kritikarar
side opp og ned i Vagant

Med mitt ljose sinn
danse kinn mot kinn
med ein vakker mann
eg hadde sett i brann
juhu hu juhu hu

Skulle ynskje eg var forskar
hadde løyst eit verdsproblem
Eit gjennombrot av dei sjeldne
jobba fram i ro og fred

fått Nobelpris og medalje
publisert i The Lancet i ny og ne
kanskje rakettforsk for NASA,
Innan kreft eller ikt?

Med mitt ljose sinn
danse kinn mot kinn
med ein vakker mann
eg hadde kurert med PHYS-CAN
juhu hu juhu hu

Og så trur du siste verset
syng om den SANNA rikedom
syng om boksamling og hage
om at du er meget rik

for når leselysten ligg utover landet
når Dostoj og Bolaño er prata ut
du har vore blid og serviceminded
skrive blogginnlegg til slutt

ser mitt ljose sinn
løysinga for lettvinn
for det har kome inn!
Tralla er stinn!
Bibliotekarblues, bibliotekarblues.

Kan nesten syngjast på denne, iallfall dansast, og det er som kjend nesten like gøy som å jobbe.


God tysdag! Bibliotekaren skal rydde.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar