To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. juli 2015

"Det her e' boka mi" med Vigdis Kroken

Var på fjerde kaffikoppen, hadde akkurat sletta starten på eit leilighetsvers om ein sommardag som låg utover landet og ein ferierande bibliotekar som hadde funne seg ei bok og så kom regnet. Tre veker ferie var nyss avslutta. Både blogg og bibliotek hadde vore fjernt og plutseleg sat ein her og skulle prestere vise kvinnetankar med ei hjerne som følte seg mutters aleine og ei skriveform som var på bånn. Hadde akkurat surfa litt på måfå rundt på nettet, kome over dagens tekst av Tine-Jarmila Sir som debuterte i fjor med Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa, sat der med tårer som dryppa ned i tastaturet da ingen ringare enn journalist, forfattar og venninne Vigdis ramla inn døra.
Vigdis Kroken på eitt av dei få bileta som
eksisterer av ho. Ho har fotoskrekk.

For dykk utanfor Lom sine grenser, utgjer Vigdis Kroken-halvparten av krimduen Kroken & Kolden som skriv bygdekrim frå Lom. For oss som kjenner ho, er ho mest kjend for skratten og sitt evig gode humør. Når Vigdis er innom biblioteket som ho har vore nokså ofte desse åra eg har jobba her, fyller ho heile huset med skratt. Ho er generelt skrattfull, ler av nesten alt og det høgt. Det skal seiast at andre brukarar av biblioteket iblant har sendt blikk og ymta frampå om arbeidsro når ho er innom, men det tør vi sjølvsagt ikkje fortelja ho.
Eit halvt liv - Ein biografi om Per Sivle.

Feriehjernen slo til og fann ut at dette besøket må utnyttast. Vigdis må anbefale ei bok åt folket! Ho er veldig glad i biografiar. Eg likar biografiar fordi ein lærer mykje både om menneska, tida og samfunnet dei levde i. Alle har vi kvar vår unike historie å fortelja, og ein kan finne noko interessant i alle liv, seier ho. Når det er sagt, er det nok dei dramatiske og tragiske forteljingane som ligg hennar hjarte nærast. Det er også grunnen til at ho ende opp med å velja boka Eit halvt liv - Ein biografi om Per Sivle av Alfred Fidjestøl som kom ut på Det Norske Samlaget i 2007. Historien om Per Sivle (1857 - 1904) er ei gripande forteljing om forfattaren og lyrikaren heilt frå mora freista å ta sitt eige liv med vesle Per i magen, til han sjølv valde å avslutte det heile med ein revolver på Kristiania Bad. Det er ein historie om motgang og trass, prega av galgenhumor, håp og svik, om forfattaren som er mest kjend for dei små meisterverka "Berre ein hund" og "Den fyrste song". Elles som de sikkert skjønar av latteren, er Vigdis glad i humoristiske bøker, og anbefaler på tampen Sigmund Falch-bøkene på det aller varmaste.

Rita

1 kommentar:

  1. Jeg tar tipset om denne boka tvert! Per Sivle kjenner jeg godt! Har akkurat lest et par bøker av Kroken/Kolden, og er absolutt klar til å lese mer av disse to.

    SvarSlett