Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. juli 2015

Fem i veka ved ein av dei

Sommardagane på eit lite, norsk folkebibliotek skil seg verkeleg ut -kvar og ein av dei byr på hendingar som set seg fast i minnet, og mest alle er slike som er berre gode. Sist fredag noterte eg ned alt eg ville freiste hugse for ettertida frå nett denne dagen -ein dag verd å dele med andre:

Før opningstid sjekka eg raskt e-posten, og der låg ei noko uvanleg og overraskande melding. Ein ung mann hadde jobba ei tid med manus til ein ungdomsroman, som han no lykkeleg hadde fått stadfesta skulle bli utgjeve mellom permar. Den nyutsprungne forfattaren hadde høyrt om Lom folkebibliotek, og lurte på om eg kjente nokon unge lesarar som kunne tenkje seg å prøvelesa manuset hans for konstruktive innspel. Eg tenkte med meg sjølv at det kanskje ikkje var den enkalste oppgåva no sommarstid, men heiv meg over nettet og fridde til alle dei ivrige lesarane i det ungdommeleg Lom. På nokre hektiske timar hadde eg kapra heile 9 ivrige støttespalarar, medan min snartenkte kollega Oddmund Kårevik i Enebakk også vanst hyre ei positiv ungdomssjel etter mitt utspel på facebook. Både forfattaren og bibliotekarane var særs tilfredse, og for min eigen del er det no eit lefsete, interessant manus som følgjer meg til sengs om kvelden. Så artig å bli fridd til på denne måten!

Bilbeistet, dyktig framført av 9.kl 2013.
Litt seinare på dagen kom to eldre par frå Oslo ruslande inn her. Dei har alle fire vore innom oss tidlegare somrar, men denne dagen kom vi i prat om dei lokale lyrikarane våre. Dei gjekk gjennom romma her og såg på det eine måleriet av den store poeten etter den andre. "Det er vel berre vi eldre som interesserer oss for Aukrust og Jonsson no?", sukka den eine av dei eldre herrane. "Ungdomen i Lom kjenner vel ikkje til Aksion på Tande, Bilbeistet og Norsk kjærleikssong lenger?" Eg kunne stolt svare at "Jau, her i Lom har 9.klasse lyrikkprosjekt kva vinter, der kvar elev må velje seg eit dikt av ein av dei lokale lyrikarane. Dei avsluttar prosjektet med ein flott lyrikkveld, der dei framfører dikta sine med stor innleving. Somme syng, andre går saman og dramatiserer, medan atter andre deklamerer med stø stemme. Det er ikkje få unge i Lom som kan sitere Aukrust om du berre får dei på gli." Dei eldre korsar ende over seg for slike supre tiltak i skulen, og tuslar ut att i trygg forvissing om at den lomske poesiarven blir teken vare på og formidla vidare til neste generasjon.


Medan eg stod og la ut om den gilde ungdomsskulen i Lom, og analyserte Aukrust og Jonsson med stort engasjement, vart eg vàr eit par utlendingar som gjekk og glytta rundt om i lokala her. Eg lurde på om eg kunne hjelpe dei med noko, då kvinna forsiktig spurde: "Is Merete at work, or isn`t it really..?" Då kjende eg brått att den nederlandske turisten eg for 3 år sidan song Barn av regnbuen til medan mannen gjorde videoopptak (http://3visekvinner.blogspot.no/2012/06/grate-min-sang.html)! "I am Merete, and now I remember I sang for you!" Etter ei varm omfamning kunne kvinna fortelje at koret hennar i Nederland hadde framført nett denne songen fleire gonger på norsk, og til og med framført han etter særskilde ønskje frå fleire! Det er rart korleis denne verda spinn trådane sine i kvarandre... På tur ut døra snufsar den yndige kordama vinkande "Now I get emotional again...", medan barnebibliotekaren svelger og svelger...

"Hadde eg fått leve livet om att..."
Heilt på tampen av dagen kjem nok eit eldre par inn, ser seg litt rundt, og spør etter toalett. Vanlegvis sender eg alle som kun skal gjere sitt fornødne rett over gardsplassen til dei offentlege toaletta, der det i sommar forresten er ein ung toraderspelmann som let lystige tonar til turistane sine bimelimar og bomelomar, men denne mannen var så skral i føtene at eg lånte dei vårt avlukke. Då han kom fram att, gjorde han seg fleire ekstrarunder på krykkene mellom hyllene her, før han bøygde seg over skranken og blunka til meg: "Vakkert... Hadde eg fått leve livet om att, skulle eg blitt bibliotekar."

Slik kan altså ein heilt vanleg arbeidsdag trylle fram dei mest verdfulle stundene hos ein einsleg bibliotekar på vakt. Saman med alle sommar+bok deltakarane, ei mengd turistar frå ymse verdskrikar, samt leselystne lomverar, vil denne fredagen lyse veg for dagane resten av veka, fram til underteikna tek heile tre veker fri frå gammelprestgarden. Då skal eg kun vere friviljug på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som endeleg skal haldast i Lom i august! Vi dansast!


Bloggar med tjukk minnebok: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar