To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. juli 2015

E-boka -irriterande lettvint

Eg var visst "attikåmen"...
I motsetning til sjefen min, har eg ein hang til å halde på det gamle. Dei stendig nye dingsane som poppar opp
med ymse uforståeleg terminologi, påfører meg ei sperre som er lei å bryte. Eg minnest vel den gongen Sjøla lokka og bad, masa og truga med dette skumle facebook: "Detta æ nå SÅ snodigt! Dy lyt rætt å slett bærre kaste de uti, du au, å kje væra så attikåme." For utanforståande tydde dette altså at ho tykte eg var gammaldags, korkje meir eller mindre. Slik fekk også eg smått om senn fleire hundre nettvenner, fleire av dei folk eg aldri korkje har møtt eller snakka med. Men tenleg har det vore på fleire vis, det skal ho ha -trass i at ho gjer spetakkel av kollegaen når ho feller ei tung tåre når nettboka informerer om at den firføtte onkelen til bikkja er daud...

Papirboka, mitt leseunivers -eller..?
I fjor sommar var eg såleis litt varsam med mine utdaterte kjensler til e-boka, då biblioteka i Oppland lanserte dette fenomenet for vel eitt år sidan. Eg veit jo at bibliotekarar er føregangsmenneske når det gjeld elektronisk informasjon og oppdateringar, men i mitt tilfelle har dette mest vore sjefen si rolle. Eg har drassa rundt på tunge posar bøker, eg, formidla leseglede og inspirert til tjuvlesing under dyna på seine kveldar. Det kan eg. Eg hadde altså mine tvil om e-boka var noko eg kom til å bruke, og ikkje minst trivast med. Papirboka ville forbli mitt leseunivers, så fekk eg heller formidle dette nye mediet til alle dei som ikkje blir så svimle av den digitaliserte karusellen. Yngre folk, tenkte eg. feil kan ein altså ha lov å ta!

E-boka kom likt med at sjefen og eg reiste saman til Toscana, og sta som eg er, hadde eg ikkje med ei einaste papirbok i kofferten. Paden var lasta med nokre av dei få e-bøkene som då var tilgjengelege i Oppland, for eg måtte jo vite korleis desse greiene fungerte om det vart spørsmål. Dermed var det gjort, det var jo så irriterande lettvint... Eg las altså mi første e-bok på tur til Italia, og sidan har eg prata varmt om desse nymotens greiene til både unge og gamle. Fordelane med e-boka er så mange fleire enn ulempene, og den brukarvennlege utforminga gjer lesinga enkel og lettfatteleg sjølv for den med aversjon mot det digitaliserte.

 E-boka:
-er gratis (last gratis ned appen eBokBib)
-kan enkelt forstørre/forminske bokstavtypane til ønskjeleg storleik
-kan regulere bakgrunnsljoset på skjermen (og du slepp bruke nattlampe om sidemannen vil sove utan flaumljos)
-hugsar kor langt du er komen i boka, så du slepp problem med bokmerkje som dett ut
-blar enkelt over til neste side kun ved eit lett trykk på skjermen
-blir automatisk innlevert ved forfall, så du unngår evt. purregebyr (og slepp grave fram bilen på nedsnødde vinterdagar kun for å få levert boka)
-reserverte bøker blir automatisk lasta ned til lånekontoen din
-boka klappar ikkje saman om du set henne på bordet framfor deg, så du kan strikke (men helst ikkje spikke) samstundes med at du les
-veg kun vekta av nettbrettet/telefonen, og du slepp drasse på tunge bøker under reise
-kan fint lesast på myrke kveldar i straumlaus hytte utan ljos, då skjermen lyser opp teksten
-har mange gonger fleire bøker tilgjengeleg om du er registrert som lånar i andre fylke enn heimfylket ditt
-kan lettvint søkje opp tilgjengelege forfattarar, titlar, emne
-treng ikkje nettilkopling for å lesast; når boka er lasta ned (som naturlegvis krev nett), ligg ho på brettet til ho blir levert
-blir like flittig brukt av eldre som av yngre
-bør prøvast ut av mange, mange fleire!

For meire informasjon; ta kontakt med ditt lokale bibliotek. God lesnad!

 Digitalisert bloggar: Merete




2 kommentarer:

  1. Ebok er lettvint ja! Greit å ta med på tur og lett å finne titlar! (men det er litt skumlet lett å kjøpe bøker også, ein sein kveld ein kjedar seg…) :)
    No er mi bok fullasta og fullada og skal vere med i kofferten på ferie!

    SvarSlett
  2. Ein treng ikkje bruke pengar på å kjøpe e-bøker, når ein kan låne dei heilt gratis på biblioteket :-) Riktig god tur!

    SvarSlett