Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. juni 2015

My most wonderful smile

I einsame stunder under dyna på grå morgonar snikjer av og til ei halvlei kjensle seg inn i tankerekkja til ein mellomaldrande bibliotekar: Den utrygge kjensla av mismot. Er eigentleg bibliotek det gildaste ein kan halde på med her i dette jordiske livet? Hadde det ikkje vore gjevare å hatt ei høgt løna stilling som eitkvart merkbart stort som folk ville verdsetje og minnast, noko folk ville sakne om ein vart borte? Ein jobb som ville gje så mykje attende at det var verdt all overtid, nattevake, forsøming av kvalitetstid med familien og tap av sveitte trimturar med bikkja? Slike morgonar kjennest dyna som ein trygg kokong i ei skjør boble.

Kvinsure utedobesøk, også sommarstid.
Etter ei vekes sommarferie med ein graderstokk som sokk heilt ned til 3 raude og sluddropar som stakk i kjaken på tur til utedoen, er det snøgt å synke inn i slike morgondepresjonar. Sjefen har fått ferie, og med den kom naturlegvis sommaren... Attpåtil kjennest hausten høgst uviss ut. Det var litt synd i barnebibliotekaren i dag tidleg.

Hadde ein ikkje då hatt eit heimekosleg bibliotek i ein gammal prestgard å gå til, kunne ein tyngre depresjon skramla faretruande med lekkjene. Med det same eg opna døra her i dag, strøymde det derimot på med folk i alle aldrar, frå ymse nasjonar og med ymse ærend i baklomma. Av dei første var eit indisk par busett i Amerika, som tykte så inderleg vel om denne bokheimen vår. Dei var nyfikne på ord dei fann i biblioteket, og ville få forklart både Nasjonalparkbibliotek, folkeboksamling og "Årets bibliotek". Eg stotra og prata min beste skuleengelsk, og fortalde til slutt lett raudnande at vi vart kåra til Årets bibliotek i landet i 2012. "Oh, I understand!", sa den yndige kvinna og la handa på oksla mi; "Your wonderful smile makes everyone feel like home! And your library is the most handsome place!" Så lite skal til, så få ord treng ein høyre for at dagen blir ei solstråle i seg sjølv! Nok ein gong kjende eg at dette huset, denne staden, denne jobben og desse menneska er det eg skal bruke livet mitt på.

Ei tyleg stund i godstolane.
Sidan gjekk dagen som ein leik: GD som ringjer og undrar seg over nok eit bra statistisk resultat for Lom folkebibliotek, lesande born som leverer Sommar+Bok skjema og fyller på med eventyrleg lesnad, flittige pensjonistar på I-pad som lyt ha hjelp med snap`en, menn som treng hjelp med e-BokBib, ivrige lydboklånarar som ønskjer nye lydtips, spreke besteforeldre med glødande barnebarn på sommarferie, samt folk av den sjeldne typen som kjem inn, set seg ned og forsikrar om at dei kan vente -dei har god tid, at! Den nye retroroa vår blir beundra og skrytt av frå tidleg til seint, og både barn og vaksne nyt godt av ei friøkt i godstolane i den varme sommardagen.

Ein perfekt dag på jobb er snart over, trass i at dugurden står urøyvd på bakrommet, kaffien vart kald på traktaren før ein vanst drikke og at alle askane med uregistrerte bøker står like uopna på golvet. Det kjem ein dag i morgon med, og då gler eg meg til å vere bibliotekar! Den som trur at bibliotekaryrket inneber lite å gjere, kan berre svippe innom. Men hugs å strø godord om deg i kvardagen; det kostar så lite, men gjev så undeleg mykje attende. No skal eg heim og smile mitt "most wonderful smile!"

Depresjonsfri bloggar: Merete




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar