Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. juni 2015

Sommartider hey, hey!

Det er sommartider, hey, hey. Den eine viskvinna har allereie starta ferien, den andre tek ein forsmak og den tredje lyt pent styre skuta i einsam majestet denne veka. Sommarvekene er litt annleis på biblioteket. Ved sida av oss ligg stavkyrkja og rett utanfor stoppar eit hundretals turistbussar i løpet av sommarsesongen. Frå sjefens kontor ser ein ut på hordane av småjoggande japanarar med store linser og knøttlita tid til tissing. Det hender rett som det er når ho som har ferie ser ei av dei eldre, skrøpelegare japanardamene med sviktande ganglag, at ho bryt ut i eit "slik blir du ner du bli gåmål" følgd av infam latter. Da er det å bratte nakken og gå lett og henslunget, fylle meir kaffi og jage bort tanken på nedbrytingstida for bibliotekarar. Det er sjølvsagt mest trist, men ein unngår i alle høve slike fornedrande kommentarar på bakrommet når ho har ferie. Dei fleste asiatane som ferdast i turistbussane er forresten frå Malaysia nå for tida, får vi opplyst frå kjellarhald.

Superhyggeleg å få besøk av heimvende studentar og elevar.
Arkivfoto frå cherrox- og conversetida.

Det aller hyggelegaste i sommarvekene er dei smukke, unge menneska som vender heim frå studium og skulegang. Studentar og skuleelevar som har trakka sine cherrox og converse og blitt gangs bibliotekbrukarar her hjå oss, kjem heim for å jobbe og vera i lag med familien i ferien. For å skryte uhemma, så har vi nok dei aller gildaste ungdommane i heile landet. Både på barne- og ungdomsskulen og på den vidaregåande skulen, er det godt miljø og samhald. Ungane og ungdommane våre er høflege, arbeidssame og snille.
 
Jo systematiserer lesestoffet. Far skriv leseskjema.
Fråfallet på den vidaregåande skulen i Lom er på det næraste lik null. Dei faglege resultata har halde høgt nivå så lenge skulen har bestått. Dette skjer trass i at det genrelle utdanningsnivået i regionen er av dei lågare i landet. Vi er svært stolte av skulane og ungdommane våre som vi på biblioteket har eit nært forhold til frå barnehagen og ut vidaregåande. Vi har eit utstrekt og godt samarbeid med skulane, og alle elevane i grunnskulealder er sikra jamnlege besøk på biblioteket. Minst ein gong i halvåret har vi bokpresentasjonar for alle klassene på barnesteget og ein gong i året for klassene på ungdomssteget. Det kan bli storlesarar av slikt.

Helene med tre armband mot eitt i fjor. Ho skal klare alle fire for
"e søv nesten ikkje um netn." Men det er ei bibliotekarisk
hemmelegheit som vi ikkje må røpe for mamma og pappa.
I går kom ein av desse innom. Brun, blid og litt høgare enn da han gjekk ut av 10., kom han og ville låne seg nokre bra bøker til ferieturen. Han var ein av dei ivrige fantasyslukarane mens han gjekk her, ein det alltid var moro å anbefale bøker til og som begeistra kom att og delte gode leseopplevingar. Han las ikkje så mykje nå for tida kunne han fortelja i det han gjekk, for det var jo ikkje så bra bibliotek der han var nå som det var her. Bibliotekaren skal ikkje stikke under skrankekrakken at det svulma litt i bringa da. Det må vel vera lov å fryde seg over slike kommentarar på ein av sommarens soliga dagar. Fryda seg har ho også gjort over dei to over som allereie er godt i gang med å sanke armband i lesekampanjen Sommar+Bok, over SoMe-fræmon, som stikk innom, og attpå alt dukka sjølvaste Poesibilen opp i dag. Like gøy å danse som å jobbe, jo.

Kaffislaberas i retroavdelinga. Bibliotekaren kler seg der etter.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar