To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. juni 2015

Where have all the librarians gone?

Ein av fem bibliotekarar har forsvunne dei siste åra. Det same har eit stor tal bibliotekfilialar. Sjølv om kommunane har fått meir pengar til kultur, har ikkje dette kome biblioteka til gode. Dette melder Vårt land i dag. Biblioteka får stadig mindre av kulturbudsjettkronene i kommunane. Sidan 2001 har delen som biblioteka sit att med, blitt 33% mindre. Kulturløftet har på ingen måte vore eit bibliotekløft, snarare tvert om. Lokalpolitikarane har valt å satse kulturkronene på andre ting enn bibliotek. Så spør ein seg kvifor?


Biblioteka er prisgjevne lokalpolitikarar med fleirbrukshall i blikket, helsekniv på strupen, politikarar som ikkje brukar biblioteket. Slik samanfatta eg stoda ein irritabel morgon ein gong. Er dette sant? Blogline nærmar seg, og eg har ikkje ressursar (!)  til å undersøkje talet på fleirbrukshallar eller kulturbygg som har blitt sett opp dei siste åra, men eg veit at det er mange. Eg har heller ikkje tal på kva dette har betydd for nedskjeringar i bibliotekbudsjetta, men eg tillet meg å tenkje tanken at det kan ha betydd ein god del. Den eines løft, er den andres fall innan kultursektoren. Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot fleirbrukshallar. Dei skapar aktivitet og er eit viktig tilbod for mange, men driftsbudsjetta har sin pris for små kommunar.

Helsekniven veit vi av. Skulepotten sin del av kommunebudsjetta like så. Biblioteka konkurrerer om kronene mot sjukeheimsplassar, timar til spesialundervisning og klassedeling. Det seier seg sjølv at konkurransen er knallhard.


Er det sant at lokalpolitikarar ikkje brukar biblioteka? Dette vil nok variere mykje frå kommune til kommune. Ei rask undersøking gjort i eigen region, syner at hypotesen har noko for seg. Ja, eg veit at politikarane har stor arbeidsmengd, at ungane og ektefellen kanskje brukar det, at dei har brukt det meir aktivt i andre delar av livet og kan sjå verdien av bibliotek sjølv om dei ikkje brukar det, men eg synest likevel det er grunn til uro. Dette er tala på politikarar som har brukt biblioteket det siste året i fem av seks kommunestyre i vår region: 2 av 25, 2 av 21, 6 av 17, 7 av 17, 10 av 21.


Kva skjer når bibliotekbudsjett blir redusert? Administrasjonen innstiller og politikarar skjer der det monnar, nemleg i personalressursane. Kva skjer når personalressursane blir reduserte? Biblioteka får mindre tid til å skape og drive aktiv formidling av bøkene vi mottek gjennom den statlege innkjøpsordninga. Biblioteka får mindre tid til å vera synlege. Aktivitet og synlegheit er avhengig av ressursar. Når 93 kommunar, omlag 1/4 av alle, har mindre enn 0,3 årsverk pr. 1000 innbyggjar, seier det seg sjølv at aktiviteten dei maktar å skape, ikkje kan vera særleg stor. Kva skjer når biblioteka får mindre tid til å skape aktivitet og vera synlege? Biblioteka blir mindre viktige i folk flest og politikarar sitt medvit, bruken vil gå ned, lokalpolitikarar og administrasjon registerer at bruken går ned, det blir lettare å kutte ytterlegare. Den onde biblioteksirkelen.

Dette er nokre av mine tankar kring stoda. Det som er sikkert, er at bibliotekbudsjetta har blitt redusert kraftig dei siste åra. Vi veit at det er lokalpolitikarar som vedtek bibliotekbudsjetta. Vi ser kva veg det har gått. Viss staten meiner noko med folkebiblioteka og Innkjøpsordningen for litteratur, tenkjer eg at staten må ta grep før tilbodet blir rasert rundt om i kommune-Norge. Fortset utviklinga, blir biblioteka overflødige fordi dei ikkje kan tilby attraktive tenester, formidling av litteraturen vi mottek og, det viktigaste av alt, opne dører. Dette skjer i ei tid da bestseljarane dominerer den litterære marknaden, da den mindre kjende kvalitetslitteraturen meir enn nokon gong treng å formidlast. Kven er betre eigna til dette enn biblioteka? Det er varsla ny og større satsing på bibliotek gjennom prosjektmiddel frå Nasjonalbiblioteket. Det er vel og bra, men dei mest trengande er ofte dei som ikkje har ressursar til å søkje prosjektmiddel, dei som har nok med å halde hovudet over vatnet med nokre timar opningstid i veka, dei som har ei halv stilling og ingen å tenkje utvikling saman med. Eg applauderer politikarar på nasjonalt nivå som ser at dette er eit problem, og ser behov for øyremerking av middel til biblioteka.


I mellomtida går vi retro.



Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar