Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. juni 2015

Ein skigard kan `kje vara evig, veit du...

Noko å glede seg til...
Som jentunge var eg frykteleg matglad. Det beste var når mor kom inn att frå eldhuset med mjølgøyve på kjakane og famnen full av rykande ferskt mjukbrød. Då kom det fort godt smør og spikjipysje på bordenden, og hadde vi heimebryggja øl i kjellaren, var gleda fullkomen. Det var berre eit lite men med denne gleda -ho vart så fort oppeten...

Noko anna var det med eventyr. Eg forsto tidleg at desse fantastiske forteljingane, anten dei låg innklemt mellom stive permar eller kom strøymande ut av mammamunnen i seine kveldstimar, var kjelde til ei konstant glede. Dette var noko eg kunne hente fram att dag etter dag, år etter år, dikte om og leggje til som eg ville, og dei gjekk likevel aldri tapt. Ikkje kosta dei nokon korkje pengar eller sveitte timar ved bakstfjøla heller -dei beint fram berre  var der. Ikkje vart broklinninga trong av dei heller. For ei lykke!

Førre veke gjekk denne barnlege gleda brått golvet med eit rystande brak. På personalmøtet fortalde sjefen i klare ordelag at eventyr varar deifinitivt ikkje evig...

Noko å glede seg over...
For vi var verkeleg eit eventyr, vi små damene i kollegiet her. Nett det har jo underteikna utbrodert så
til dei grader her på bloggen tidlegare: Alt vi har opplevd, alle prosjekta, alle reisene, dei flotte prisane, dei fine statistikkane, dei rosande orda frå fjerne og litt nærare. Siste avsnitt i eventyret var den fantastiske formidlingsturnèen vi prata oss gjennom sist etterjulsvinter og vår, eit avsnitt fleire av oss verkeleg kunne tenkje oss å notere litt meire på. No veit eg ikkje.

Sjefen sat altså på dette nemnde møtet førre måndag, pikka med pennen i bordplata framom seg og flakka med blikket. Eg skjønte at eg laut stålsetja meg -mykje over eit tiår i nært samarbeid og fire tiår som venninner har lært meg i det minste det. Men denne såg eg ikkje heilt koma: sjefen vil bli student! Ikkje berre slik halvvegs, men på ordentleg! Studiet var eit faktum, hybel litt mindre sikker, økonomien totalt svart (satsar eg på). Skigarden rundt vennskapen vår vakla faretruande, borken flakna av i store bitar og flaug av stad i den illsinte nordablåsten. Sjefen hadde i mitt hovud allereie stabba seg gjennom grindsleet og haika med krokut tott til storbyen. Pulten ved sjefskrakken geipa spydig mot meg då vi subba kvar til vår oppgåve etter den sure kaffien. Eg kjende meg tyngre i skrotten enn på lenge.

Noko å sjå attende på...
Dei fine fjellturane vi saman har sett av tid til i den norske sommaren, med nyspikka stav og kaffi på termos -kva skal vi prate om? Kva for planar skal vi no drøyme om i ljos vakne nattetimar? Kven skal eg terge når kvardagen blir keisam? Kven skal kaste kreative ballar i taket på gammelprestgarden når hausten fargar skogen gulraud og blomane bøyer hovudet mot kvild? Kven skal prate ut alle dei bortgøymde bøkene saman med meg -finst det noko som brenn like mykje for formidling og som på same tid er kapabel til å gjennomføre det med ei slik ei som meg?

Det blir nok ei råd, men eg er ikkje blid. Og DET veit ho...



Ferdig sjølvrealisert bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar