Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. juni 2015

Litteraturfestival sett med bibliotekboksarblikk

Førre veke hadde eg glede av å delta på Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Det er fyrste gongen eg er med på slik ein så stor og gild festival. Før har eg berre vore på Diktardagar her på vår heimlege strand, ja, ikkje at det er berre berre, altså, dei finaste folka er jo med her, men Gosh, eg vart nesten slege knockout av alle menneska, alle dei kjende forfattarane, kritikarane og litteratane, all viraken der i Mjøsbyen! Ja, eg må kanskje presentere meg litt nærare for dykk. Eg tek det jo for gjeve at alle kjenner til meg og kompisane mine. Orsak. Eg er bibliotekboksar 237, herre, storleik M. Eg held for det meste til i ein pappask på magasinet hjå dei såkalla viskvinnene på biblioteket i Lom. Eg er ikkje av dei som stikk meg mest fram. Eg held meg som regel i ro, har levd eit anonymt tilvêre bortgøymd i flokken langt nede i asken. Men det er ei tid for alt, og denne dagen var eg altså blant dei heldige utvalde som vart plukka ut til å vera med på festival. Eg seier det med det same; det var meg ei sann glede å få lov til å vera med på litt spetakkel. Og som teddybjørnen i visa, låg eg i plastposen på turen nedover dalen og drøymde om kven som skulle vinne meg til slutt. Eg vart difor kjempespent og litt skjelven i buksene, da ho treiv med seg meg og ein av brørne mine og putta i handveska da vi vel var framme.

Bror 236 i hendene på Aslak Sira Myhre.

Ho måtte ha det travlet, eg trur mest ho sprang oppover gatene på Lillehammer med meg og bror klemt mellom lommebok, mobiltelefon, pennar, notatblokk, bibliotekarsolbriller, lipgloss og noko andre jålegreier. Ho er nok ikkje så lettfløygd som ho ein gong var, for eg høyrde ho vart andpusten på slutten like før ho stoppa. Ho stod roleg ei stund, mest som ho nøla, da veska gjekk opp. Eg og bror titta over kanten og såg at på andre sida av gata stod sjølvaste Aslak Sira Myhre, direktøren for Nasjonalbiblioteket i samtale med Sigmund Løvåsen, leiar av Norsk forfatterforening, og forfattar Steffen Sørum. Ja, vi er jo ikkje heilt analfabetar kva det norske litterære miljøet angår. Noko har vi fått med oss der inne på magasinet. Ho stod roleg ei lang stund før ho snudde, kjøpte ei eske Salvi Läkerol i kiosken, stoppa på nytt, kjenner eg ho rett, samla ho seg mot og tenkte at ho burde hatt tre så alle hadde fått, men gjekk ho for å hente fleire, ville dei forsvinne, ein blir jo ein nokså god tankelesar der inne på magasina, ein har jo slikt å gjera, men plutseleg strena ho over vegen så veska dingla og drops skrangla, rett mot karane. Ho avbraut dei midt i samtala, presenterte seg, greip ned i veska og røska med seg - bror min - og overrekte til bibliotekdirektøren.

Bestekompis 234 med Bård Vegar Solhjell og ho.

Eg innrømmer det glatt at om eg ikkje direkte vart grøn av misunning, så hekk eg litt med strikken der nede i veska. Eg såg opp på bror min som vart fotografert og strutta stolt i hendene til Sira Myhre, medan eg låg att blant Läkerol og veskelo. Seinare på festivalen forsvant bestekompisen inn i politikken. Trur de ikkje Bård Vegar Solhjell som eg høyrde prata så varmt og klokt om bibliotek under debatten, hadde gløymt å pakke med seg truser. Og trur de ikkje at ho stod parat med bestekompisen da debatten var over, medan eg låg att att som eit slakt i veska. Det er slike slag livet gjev ein, men eg har ikkje gjeve opp håpet om at ein dag er det meg. Eg tenkjer på teddybjørnen. Det gjekk bra med han, og kanskje eg også til slutt får snurre rundt og rundt med en venn som elsker meg igjen.


Bibliotekboksar 237

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar