Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. mai 2015

"Du skal herde din far og di mor"

Han er så kvit, denne skjermen
eg skal fylle med ord.
Aldri har han vore kvitare,
tommare.

Dei sprett ikkje ut i dag, orda
eg skal forme med makt.
Aldri har dei sove tyngre,
stummare.

Han er på reise i dag, tanken
eg let meg flyte med.
Aldri har han dykka djupare,
fjernare.

Og alt har ein grunn.

Det er mai, det er vår, det er konfirmasjonstid. Unge vaksne, sterke og skjøre på same tid, står høgtidsstemte og rakryggja gjennom dagen som er berre deira -dagen som symbolsk skil dei frå det barnlege og knyter dei til det vaksne. Har vi herda dei nok til å møte vaksenlivet? Har vi gjeve dei den tryggleiken, trua og kjærleiken som krevst for at dei skal halde ryggen rak også i dagane som kjem?

Ein unge sa ein gong: "Du skal herde din far og di mor." Han hadde meire rett enn han kunne ane...
Vi har lese bøker, lytta til helsepersonell, rådført oss med dei eldre. Vi har målt feber, fått servert vidunderlege lortkaker, nattevandra sengemellom, vore snillast i verda, tørka tårer, lese eventyr, plastra skrubbsår, byssa på fang, overhøyrt trass, høyrt lekser, vore dummast i verda, vaska tusj av veggen, trøysta kjærleikssorg og knaska negler i seine nattetimar. Og kvar einaste ein av desse dagane har vi elska dei små, som no blir store, like inderleg høgt.



Også ein bibliotekar kan vere mamma. Også ein bibliotekar kan bli for sein til å låne bøker om borddekkjing, festkaker og serviettbretting. Også ein bibliotekar har sine svake augeblinkar. Også ein bibliotekar kan falle i stavar over kor fort småbarnstida spring. Men ein bibliotekar veit med seg sjølv at det å vere mamma -det går heldigvis aldri over.


Og ein barka formidlar veit også med seg sjølv at å lese diktet "Ung son" av Moren Vesaas er ei bortimot umogleg oppgåve på dagen som ventar...

Sentimental bloggar: Merete den "Profesjonelle..."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar