Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. mai 2015

Diktardagar, diktar dagar, diktardågå

Det er ei tid for alt, og dette er høgsesongen for møte. Alt skal vera på stell før sommaren, og ein treng å møtast, diskutere, avslutte saker, leggje nye planar, nye Besseggar, nye Besseggar. I denne sjudagarsbolken er det møte i Tor Jonsson-laget, møte med bibliotekarane i Nord-Gudbransdalen, Diktardagar-møte og raske møte med seg sjølv i dørene. Når det gjeld Diktardagar går dei for fyrste gong av stabelen i september, nærare bestem 4. - 6. Programmet er på det næraste spikra, men heimesida er under oppussing, så vi vil dele nokre høgdepunkt med dykk her.

Det overordna tema for dagane i år, er tonesett lyrikk, "Diktet blir vise - frå tekst til tone". Eit sidetema er ytringsfridommen som er sett under press, og vi har gleda av å ha med oss direktør i stiftinga Fritt ord, Knut Olav Åmås, til å belyse temaet under seminaret. Åmås skal også halde tale på festkvelden laurdag. I løpet av helga kan du få med deg opplesingar og bokbad med to forfattarar frå eigen dal, nærare bestem to forfattarar frå Fronsbygdene. Den unge, kritikarroste lyrikaren Anna Kleiva frå Vinstra og Ingar Sletten Kolloen som kjem med ny roman til hausten, vil delta på dagane om alt går i orden. På bokbadet og fleire andre tilstellingar, vil de også kunne oppleva Brageprisvinnar Ruth Lillegraven som formidlar sin fine lyrikk så hår reiser seg og hud nuppar seg. Magnhild Bruheim vil som vanleg skrubbe bokbadarene både grundig og vel.

På den musikalske sida opnar vi dagane på beste vis med Ane Dahl Torp som den mystiske og synske Veslemøy, og trompetist Sjur Miljeteig som saman framfører Arne Garborgs "Haugtussa". Haugtussa er eit "musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen", og framsyninga er sett opp att på nytt på Det norske teateret i sommar. Sundagen er lagt til Skjåk med vandring langs Diktarstigen og konsert med Sol i skuggeskog på Billingen. I tillegg deltek Dagfinn Nordbø og Det norske poesi og satireorkester på Bakeriet i Lom og på puben laurdag, Stein Versto, Mari Skeie Ljones, Kvedarforum, Rimrose og fleire andre lokale musikarar og aktørar, Kirsten Braaten Berg, Georg Buljo og Lars Bremnes. Vi håpar at han har øvd på forhånd og skriv litt på himmelen for oss.



Set av dagane og ta turen! Med atterhald om endringar.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar