To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. mai 2015

Love dei aldri!

Krigshistorisk matriell lånt av bibliotekbrukar.
Då eg her om dagen heldt på med ei utstilling i høve fredsjubileet, kom ein lånar mildt sukkande bort åt meg: "Huff, nei no lyt det snart vera nok av denne elenda... Media fløymer då over av krigshistorier om dagen -kan vi ikkje seie oss ferdige med denne krigen ein gong for alle?" Spontan som eg er, slo eg ut med hendene og utbraut med ein smil: "Du må då ikkje kome og seie noko slik nett no, då eg jo akkurat har tumma fram alle desse bøkene frå hyllene!" Ein god tone, ikkje noko gale meint frå nokon av oss, berre ein liten piff der og då. Men tanken glapp ikkje heilt taket i meg.

Fleire gonger seinare har eg tenkt og grubla over nett denne episoden: Er det verkeleg slik at folk går lei av denne krigen som ramma så mange, som reiv born bort frå foreldre, brende heimar,  skilde kjærastar, og som langt på veg sletta eit heilt folkeslag frå menneskehopen? Skal ikkje vi, trass i ei verd med stendige krigar og katastrofar, kunne glede oss over heile 70 år med fred for vårt folk i vårt eige land? Skuldar vi ikkje alle dei som kjempa med livet som innsats for vårt land og våre rettar nett dette: å aldri gløyme? Jau, vi er dei ein heider skuldige: Vi må love dei aldri å gløyme, nett som tittelen på debutboka til Kristin Maridal så fint seier det (Love deg aldri). Også dei som bygde opp att landet vårt i etterkrigsåra skuldar vi denne heideren.

Fint tilskot til utstillinga.
Nei, utstillinga vår får nok stå enno eit bel, og har no også vorte supplert med flott materiell ein raus lånar kom og ville låne oss i høvet jubileet. Bøker om 2. verdskrig er også ein sikker vinnar blant spesielt mange gutar og menn, og fleire av bøkene på bordet vårt er allereie utlånte og erstatta av andre. Krigen er og blir ein del av oss, og bilioteket heidrar minnet til krigsveteranar, jødar, norske jenter som tapte hjarto sine til tyske soldatar, born som laut sendast frå sine tidlegare så trygge heimar, mødre som heldt motet oppe gjennom kulde, redsle og svolt, og alle andre som heldt landet vårt gåande desse vonde åra. Vi lovar dei aldri å gløyme.

Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar