Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 4. mai 2015

Formidlingsturnéen oppsummert

Turnéen vår er over. For ev. nye lesarar, har vi vore ute og formidla norske samtidsromanar rundt om på bibliotek i landet i vår. For ev. gamle lesarar: Orsak kort resymé: Vi fekk prosjektmiddel frå Fritt ord til dette prosjektet der vi valde å konsentrere oss om debutantane. Med unntak av krimmen, har vi lese nesten alle norske debutromanar som kom ut i fjor. Grunnen til at vi valde bort krim, var ml.a. avgrensa tid til å lesa alle bøkene, og fordi krimmen greier seg litt betre på eiga hand enn den gjennomsnittlege debutroman. Krimelskarane er mange, og dei prøver gjerne ut nye forfattarar. Vi opplever at særleg norsk og nordisk krim blir etterspurd.


Vi gjekk ut med tilbod til folkebibliotek om formidlingsarrangement med fokus på debutantar. På to bibliotek hadde vi med forfattarar som presenterte debutbøkene sine, Elin Åsbakk Lind på Ås bibliotek og Liv Marit Weberg på Enebakk bibliotek. Erfaringa vår frå folkebiblioteka, var at det lønner seg å samarbeide med andre om denne typen arrangement med tanke på å få publikum. Fleire bibliotek samarbeidde med bygdekvinnelag, og Hemsedal hadde invitert norsklærarane. På eit par bibliotek, deltok vi på innarbeidde arrangement som Litterær lunsj. Publikumsrekord opplevde vi på Dombås med 50 frammøtte. Dei aller fleste som møtte på tilstellingane, var godt vaksne, og gjennomsnittsalderen var nok over 70 år.

Stor stas at Linn T. Sunne og Ruth Lillegraven ville vera med oss.


Totalt fekk vi 12 oppdrag, 9 av desse på folkebibliotek og 3 for bibliotekarar i Sogn og Fjordane, Hedmark og Oppland i regi av fylkesbiblioteka. På dei siste var vi så heldige at vi hadde med oss Linn T. Sunne og Ruth Lillegraven. Vi sette stor pris på at dei ville vera med oss og presentere sakprosadebutantar og den beste norske lyrikken som kom ut i fjor. For fylkesbiblioteka hadde vi òg ein bolk der vi presenterte nominerte, prisvinnarar og våre beste leseopplevingar frå 2014. Med lyrikk og sakprosa i tillegg til debutromanane, meiner vi at vi hadde med eit breidt utval av den mindre kjende litteraturen som treng å bli prata ut av bibliotekhyllene. Vi erfarte også at ein ikkje kan ta det for gjeve at Brageprisvinnarar blir etterspurde eller "sel" seg sjølve på biblioteka.

Om lag 256 møtte fram, 74 av desse var bibliotekarar. Håpet vårt er at vi har inspiret folket til å lesa debutantar, lyrikk og priskandidatar, og at bibliotekarane rundt om på biblioteka pratar varmt om nokre av bøkene slik at dei får eit liv utanfor bibliotekhyllene. Kanskje blir nokre fleire bøker selde, og kanskje ventar nokon, som meg, allereie på neste bok i ein forfattarskap.

Her kjem liste over bøkene vi hadde med i utvalet. Nokre av bøkene er ikkje norske debutantar, men er med p.g.a. lik tematikk (likar du denne, vil kanskje denne passe), kvalitet og gode leseopplevingar.

Norske debutromanar 2014 (og nokre andre) - Merete og Rita

"Kjærlighet og elendighet"
All min forakt : En kjærlighets historie: Berit Hedemann
Rettstridig forføyning: Lena Andersson (ikkje no. deb.) (svenske Augustprisen 2013)
Sånn ble det: Maren Uthaug (dansk/norsk deb.)
Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa: Tine J. Sir


Mann
Fra jorden roper blodet: Birger Emanuelsen (romandebut, vinnar av Sørlandets litteraturpris og Ungdommens kritikerpris)
Ingen savner Edward Niema: Eivind Larssen
Mann går på bar: Oliver Opheim
Løp: Øystein Lie

Lyden av asfalt
av Yngve Kveine


Oppvekst
Rakels bok: Sissel Værøyvik
Lyden av asfalt: Yngve Kveine
Alle utlendinger har lukka gardiner: Maria Navarro Skaranger (deb. 2015)
Love deg aldri: Kristin Maridal
Ringrosen: Lena Roer

Tyskalnd av Liv Mossige

Historisk
Tyskland: Liv Mossige (nominert til P2-lytternes romanpris)


Feel good/feel bad
Veien over klippene: Gøril Emilie Hellen
Kardemommeloven: Ellen Mette Finsveen
Europa: Amalie Kasin Lerstang (vinnar Tarjei Vesaas' debutantpris)
Dette har jeg aldri fortalt til noen: Maria Kjos Fonn (noveller, nom. til Tarjei Vesaas' debutantpris)


Sjukdom
La meg sove til dette bare er en drøm: Ellisiv Stifoss-Hanssen
Stormen og stillheten: Miriam Neegaard


Andre
Norske edelstener: Emil B. Lund (nominert til P2-lytternes romanpris)
Si at vi har hele dagen: Anne Kyong-Sook Øfsti
Bruken av gjedde: Markus Lantto
Drammens rekordbok: Ingvild Schade

Bruken av gjedde
av Markus Lannto

Sakprosa - Linn T.Sunne

Handle rett: Siri Helle
Godt nok for de svina: Anita Krohn Traaseth
Anja + Gro = Mio: Anja og Gro Hammerseng-Edin
Hold fast!: Samuel Messi
Brasil. Kjempen våkner: Torkjell Leira
Nedenunder og hjem: Fredrik Larsen Lund
Det som ble Norge: Reidar Müller
Kongelige portretter: Caroline Serck-Hanssen
Harry Fett: Kristin B. Aavitsland
Den største forbrytelsen: Marte Michelet

Handle rett av Sir Helle

Lyrikk - Ruth Lillegraven

Om kvelden blir namna ropa heim: Tora Seljebø
Hekla myter: Eli Fossdal Vaage
Om hvor langt det er til Ullern: Cecilie Cottis Østreng
Trollsuiten: Erlend O. Nødtvedt
Også det uforsonlige finnes: Anne Helene Guddal (nominert Tarjei Vesaas' debutantpris)
Vårar seinare: Anna Kleiva (deltek på Diktardagar 4. - 6. september!)
Elsket og savnet: Endre Ruset
Hva var det hun sa?: Agnar Lirhus
Spredning: Nils-Øivind Haagensen
Ung trost klokken fem om morgenen i en brusende alm: Geir Gulliksen
Det lir mot kveld/Kristinas reise: Margaret Skjelbreid
Mi meinings hus: Kjartan Hatløy
Øyet og virkeligheten: Kolbein Falkeid

Hekla myter
av Eli Fossdal Vaage

Prisvinnarar og andre verd merke seg - Merete, Linn og Rita

Svøm med dem som drukner: Lars Mytting (Bokhandlerprisen)
Ensomheten i Lydia Ernemanns liv: Rune Christiansen (Brageprisen, skjønnlitteratur)
Finne ly: Aina Basso
Vinternoveller: Ingvild H. Rishøi (Brageprisen, åpen klasse, Kritikerprisen)
Den siste pilegrimen: Gard Sveen (Glassnøkkelen)
Døden kjører Audi: Kristian Bang Foss
Magdalenafjorden: Kjartan Fløgstad (nominert til Brageprisen)
Sju dagar i august: Brit Bildøen
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz: Marit Kaldhol

Det skulle vere sol,
vi skulle reise til Lódz
av Marit Kaldhol

3 gode lydbokopplevingar på tampen

Stoner: John Williams
De fire årstidene: Gaute Heivoll
Svøm med dem som drukner: Lars Mytting

Takk til Fritt ord for støtte til formidlingsprosjektet, folke- og fylkesbibliotek som tinga på oss, Linn og Ruth som ville vera med oss og til alle frammøtte. Det har vore stas å treffe dykk. Og til bibliotekkollegaer: Lykke til med vidare formidling i bygd og by!


Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar