Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. april 2015

Gudbrandsdalen i stråleglans

Vinstra, 28. april, 2015, 06.52

Vi er på vegen att. Har fylt kaffi og kakuskiver på Otta og køyrer nedover ein gryande Gudbrandsdal i kald og noko avvisande aprilsol. sjefen med liten s er degradert til annanpilot, overlatt til blogging og banalitetar og strør vise kvinnetankar medan vi rullar Laugenlangs.

"Vårar seinare" av Anna Kleiva, lyrikk frå dalen,
ei av bøkene Ruth anbefalte varmt. 

Vi er på vegen for debutantane att, på veg til våre to siste formidlingsoppdrag i Fritt ord-prosjektet. I dag skal vi presentere debutromanar og eit utval prisnominerete og andre godbitar for bibliotekarane på båe sider av Mjøsa, Hamar i dag, Gjøvik i morgon. Vi synest det er stor stas at vi har med oss Linn T. Sunne til å presentere sakprosa og Ruth Lillegraven til å presentere den beste lyrikken frå 2014. Vi er eigentleg veldig tilfredse med konseptet, om vi så skal seia det sjølve.

I utvalet har vi med nokre av bøkene biblioteka får gjennom innkjøpsordninga som sårt treng å bli prata ut av hyllene. Debutantane, lyrikken og delar av sakprosaen, er ukjende for det store fleirtalet av lånarar. Dette er bøker som glatt kan bli ståande i hyllene utan at nokon plukkar dei med seg. Eller, enda verre, li same lagnad som teddybjørnen som vart lagt på eit kott og ikkje bli pakka ut av askane rundt om på biblioteka. Folk spør ikkje etter desse bøkene fordi dei sjeldan ser omtaler eller bokhandelplasseringar. Fokuset på bestseljarar er aukande både i bokhandlar, i media, men også i bibliotek.

Cecilie Naper skriv i sin artikkel at utviklinga går mot større utlån av krim og internasjonale bestseljarar i biblioteka også. Kvifor? Eg tenkjer at det i fyrste rekkje skuldast at bestseljarane dominerer i folks medvit som blir forma av media, bokhandlar og reklame. Kanskje er det også ein biverknad av biblioteka sin iver etter å skape meir bokhandelpreg med opening the book der framsidene skal "selja". Nokre framsider sel seg sjølv betre enn andre, særleg krim og bøker i Samartin-sjangeren.

Kanskje er det også for få bibliotekarar som har lese og har kjennskap til bøkene? Bøker du ikkje har lese eller ikkje kjenner til i det heile, blir ikkje prata ut av hyllene. Eg las i går at få tilsette i bokhandlar les bøkene. Korleis er det med bibliotekarar? Bibliotek som driv aktiv formidling, må nødvendigvis lesa. Vi er jo alle pålagt å drive aktiv formidling. Det er vår plikt overfor litteraturen og lova at vi skal ha kjennskap til bøkene og formidle dei. Den aller beste
kjennskapen får ein gjennom å lesa bøkene. For dei aller fleste, må dette sjølvsagt skje utanom lønna arbeidstid. Men å drive aktiv formidling for små bibliotek, krev sin bibliotekar. Fyrstepiloten hadde 35 bokpratar i fjor. Med eit snitt på 4 bøker pr. bokprat, kan ein sjølv tenkje seg at det ikkje blir litt for få timar fri tid. Ho får løna si i lange ventelister og barneaugo som tindrar av leselyst. Og så får ho lov å reise land og strand rundt, vera fyrstepilot og gjera det ho likar aller best nå i vår; å prate bøker ut av hyllene. Litteraturen, lånarane og sjef m liten s, er ho ein stor takk skuldig.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar