Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. april 2015

Ein mann og hans draum

Ikkje så reint sjeldan tek eg meg sjølv i å skrive om kva som gjer bibliotekarlivet så ekstra spennande og gjevande -og ser at eg skriv om noko nytt mest kvar gong. I fare for å verke useriøs, (tenkje seg til; eg useriøs!?) kan eg forsvare dette med at det jo er nett denne allsidige inspirasjonen som gjer yrket vårt så levande interessant. Ein stor del av av gleda ligg i alle dei menneskelege møta vi får oppleve kvar einaste dag -og som rett ofte kan skildrast som noko utanom det vanlege.

Sist fredag smatt ein underleg skrue inn døra her midt i låneinnspurten for 3.klassingane, som nett hadde fått sparka i gang leseprosjektet Guttorm. Kroppen såg uforskamma sprek ut, han formeleg osa frisk mann, og håret tilsa at underteikna kunne gjort ein kledeleg innsats med saksa i dei rufsete lokkane. Med sitt forsiktige vesen forklarte han på halvgod engelsk at han hadde sykla frå Tyskland med mål om å nå Nordkapp, for deretter å sykle over til Finland og padle i kajakk siste stubben heim att. Her i Lom hadde han eitt ønskje: å gå opp på Galdhøpiggen, slå opp teltet sitt og overnatte der i einsemda på Noregs tak. Hadde eit par vise noko godt råd på vegen? Kva for rute ville dei sjølve valt? Korleis ville det vere å setje opp telt på toppen? (!) Mannen hadde for sikkerheits skuld aldri med seg mobiltelefon på desse turane sine, men eit hendig, lite kamera og ein god GPS.

Ikkje anbelfalt teltplass slik i det daglege...
Vi var i utgangspunktet skeptiske til å sende den framande einsleg ut på ein slik utfart, men sjefen og eg har tilfeldigvis ei mengd svært pålitelege  kjenningar -denne gongen alle mannlege, fann vi ut- og vi kasta oss over telefonen for å grave fram dei beste råda to av tre vise kan gje i høve ein slik snodig helgetur. Vi fann fort ut at turen burde skje med utgangspunkt frå Spiterstulen, men at vi på sterkaste frårådde telting grunna særs vindfull vermelding. Truger laut han freiste låne, for ski var ikkje tema for globetrotteren. Eg høyrde jamvel at sjefen tilbaud seg å smørje utlendingen mot sola! Etter fleire timar i samtale med lomske bibliotekarar, trakka syklisten seg lystig oppover Bøverdalen med avtale om at dersom han ikkje kom attende til oss måndag, skulle vi melde han sakna... Det var ikkje fritt for anna enn at ein tyskar på to hjul sveiv innom tankerekkja til ein bibliotekar på tur inn i draumen sundagsnatta.

God tur frå Finland!
I går stod plutseleg ein kledeleg solbrent kar i døra vår og skein om kapp med våren! Han hadde nådd fjelltoppen sin, hatt ein forrykande fin tur i blåsten, men laut dessverre kapitulere med tanke på overnatting i telt i 22 sekundmeter heilnorsk vind. Med Torill i skranken denne dagen, fekk vi to andre ta del i turen gjennom filmsnuttar og bilete av kaldblå isbre, bleik sol gjennom iltert snøfokk og ein syklist med truger på føtene som la seg lykkeleg smilande på den gjennomborande, kalde vinden. Turisten takka på det varmaste for hjelpa frå kvinnene i gammelprestgarden, og som skribent for Globetrotters ville han anbefale Lom folkebibliotek på det sterkaste til alle som tek turen om den vakre bygda i nord. Sjølve ønskjer vi den litt mindre framande fortsatt god tur!

Sjefen og eg er eit eventyr og ei e-postadresse rikare, og takkar i stille audmjukt for det rike mangfaldet menneskearten står for. Ha ei strålande veke i dine møte med arten!

Takksam bloggar: Merete

PS: Som seriøse viskvinner legg vi ikkje ut bilete og namn av menneske utan løyve, og alle fotografi er denne gongen såleis lånte. (Vi hadde i vårt eige biletmateriale få eigna foto av toppturar og padlesport...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar