To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. august 2015

Bygda som gløymde at ho var lita

Mange er kjende med at Lom opp gjennom tidene har fostra spesielt mange framifrå lyrikarar, men også nokre av landets fremste folkemusikarar og gammaldansutøvarar har trakka både barneskoa og dei inngådde tøflane sine her. Det er ikkje måte på kor mykje vesle Lom kan romme...

Lom spelmannslag -andre plass i lagspel!
Sist helg vart Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangert i fjellbygda rundt det vesle biblioteket vårt, på tampen av den mest hektiske turistsesongen i Nasjonalparklandsbyen. Stemnekontoret låg berre eit kjerringkast unna trappa vår, festivalcampingen låg praktisk tala gras i gras, og hovudarrangementet føregjekk i Utgard, den flotte, nye storstugu rett bortanfor oss, som no verkeleg fekk prøvd kapasiteten sin. Sjølvaste stortingspresident Olemic Tommesen opna heile ballet! Bergomsgarden fløymde over av rangsvevde, staskledde spelemenn og dansarar som sitra av prestasjonsnerver, og ei sommarvarm sol kasta glans over det heile med sin etterlengta sjarm og ynde. Bortimot halve bygda var representert som friviljuge kokkar, servitørar, vaskarar, ryddehjelp, innpiskarar, vakter, programleiarar og alle andre tenkjelege oppgåver eit slik stort arrangement krev. Og FOR eit arrangement!
Elgburger -ein festivalvinnar!

Matkomitèen hadde teke høgd for rundt 10 000 svoltne besøkjande denne helga, noko som skulle syne seg å stemme godt. Og betre lokal mat har knapt nokon fått servert på ein liknande festival tidlegare: møyrt elg- og reinskjøt av dyr frå fjella rundt oss, byggryn og pysje frå Skjåk, samt raudost frå Lom og Skjåk ysteri var berre litt av det gjestane kunne friste ganen med. Osten var så til dei grader populær at ein spesialprodusert kjemperaudost pynta med band av handbrodert hardangersaum vart sporlaust borte allereie andre natta...


Even -han vi eig litt av...
Fredag kveld arrangerte vår eigen lyriske stemme, Even Lusæter, ein gedigen konsert saman med lomver og vinnar av solo fele/hardingfele, Aslak Brimi, der dei på meisterleg vis gav publikum eit flott innblikk i 150 år med lokal folkemusikkhistorie. Med bortimot 90 aktørar på scenen, eit stort spekter av instrument og gneistrande dyktige programleiarar, vart dette ein festkveld av dei heilt store. Og midt i det heile nemnde programleiarane beskjedent fleire av dei gilde tilboda og attraksjonane i Lom, der eitt av Noregs beste bibliotek sklei fint inn blant mangt anna. Even avlsutta det heile med vakker deklamering av vår eigen gilde Olav Aukrust, og barne- og ungdomsbibliotekaren strutta blankøygd på krakken på tredje rad... Terningkast 6 til sjøla, Grete Sjurgard, og hjelparane hennar for ein av dei mest vellykka festivalane i manns minne!

Då treng vi ikkje nemne at biblioteksjefen i bygda sat trygt gøymd bak inngjerdingar og avstengingar rundt gammelprestgarden og nynna svenske visetonar i all einsemd mest heile arrangementet...

Musikalsk bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Har vore på mange landsfestivalar, så dette veit eg er bra! Skulle gjerne vore med ein gong att!

    SvarSlett