Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. august 2015

Alt er i rute!

...ei heilt anna gate...

Sjefen har fordufta med dyne og pute,       

vinka og blunka: "Alt er i rute"!"
Pulten er tom -berre blankpussa flate,
medan ho vandrar verdsvan ei heilt anna gate...

Idèane gøymde -lagde på is
av munnen vi tørkar eit trøysteslaust glis.
Vi vil henne vel -det er ikkje det,
men korleis kan to bli til det som var tre..?

Vi krummar vår vilje og grip oss i nakken,
stryk bort luggen og svingar med stakken:
Dette må gå, som alt anna i verda,
vår kjære sjef får ha lykke på ferda!

Med kunnskap i sekken vi trur ho kjem att
-for oss vil ho sakne kvar dag og kvar natt (..?)
Så kjære lånarar: Hjelp oss å drive
og halde vår bokheim i levande live!

Slik vil ho lengte og stunde attende
og smått om senn denne nasen sin vende,
til det som betyr meir enn brustein og leven;
Boka, Folket og formidling på Veven.

Lykke til i byen, Rita -vi held kaffien varm!

Bloggar på leit etter "ruta": Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar