Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. august 2015

Den største gleda ein kan ha...

Lomseggen. Foto: Rita Birkeland
Lom er lite. Ei nett, lita fjellbygd, verna bak høge tindar og skogkledde lier. Mange vakre blomar, mange blanke vasspyttar, ikkje så mange menneske. Dei få vi har er flinke, arbeidssame og produktive i si gjerning. Vi er blåbleike om vinteren, barkebrune om sommaren. Vi er patriotar året rundt, stolte av vårt og våre. På same tid set vi Jantelova høgare enn grannens lykke. Mange av oss  i alle fall. Dessverre.

Men i Lom har vi også noko anna -nokre Andre. Dei blir aldri blåbleike om vinteren, Dei kler gladeleg sola bort om sommaren. Dei deler gleda når grannen lykkast -om Dei får lov å ta del. Dei er også produktive -om Dei får lov å produsere. Dei er ein del av oss, ein del av Lom. Men deler vi eigentleg Lom med desse Andre?


13 år bak bibliotekskranken i ei gjennomsnittleg norsk fjellbygd opnar sinnet og omarbeider haldningane også til ei halvstiv patriotkjerring frå eit nedlagt småbruk. Denne jobben har tvinga meg til å ta del i livet til menneska som trakkar innom her -nokre ofte, andre sjeldan, mange eldre, mange yngre. Eg kunne ikkje gå her inneslutta og tverr utan å ta Mennesket innover meg, opne opp, ta del og dele. I motsett fall ville jobben min vorte ein tilhaldsstad, ei tidtrøyte for å fylle pengepungen nok til mat og klede. Slik orkar ikkje eit kvinnfolk i 13 år. All den gleda, sorga, lykka, einsemda, humoren og kunnskapen eg har fått vore ein del av alle desse åra har derimot fylt sinnet mitt med verdiar som berre menneske kan dele med kvarandre -om dei tør. Og det er her eg trur heile nøkkelen ligg i vårt møte med Dei Andre: Å våge.

Einsemda.
Det er nedslåande å ta ein tur på Bergom -sentrumet vårt, med alle dei fine butikkane og koslege kafèane- og møte den eine etter den andre som klagar over kor slitne dei er, kor einslege dei er, kor mykje dei saknar einkvan å prate med. Dei kjenner seg mislykka, saknar ein jobb, ein omgangskrins utanom dei få i familien, saknar ein fellsskap, å bety noko for fleire -privat og i arbeid. Den fellsskapen er rett og slett oss. Amal Aden sa det så ærleg og vondt då ho vitja Lom for ei tid attende: "I Norge møtte jeg Ensomheten. Et ord som ikke finnes i det somaliske språket. Denne Ensomheten var tøffere å takle enn gatebarntilværelsen i Somalia." Slik svir.

No har ikkje den jamne lomver, eller nordmann for den del, lett for å bruke tida si på sambygdingar slik til vanleg heller, men i dette tilfellet meiner eg ikkje at vi støtt og stendig må gå saman og drikke kaffe og ha lange, seine kveldar heime hos kvarandre. Ein tur på Bergom, ein liten stopp blant hyllene på butikken, ein smil, ein liten prat for å vise at vi bryr oss om, og ikkje med -ein liten omtanke som kan vere nok til å løfte kvardagen eit hakk høgare opp mot ljoset for den som går og kjempar med eigne tankar. Det gjeld like mykje innfødde som tilflytta, norske eller utanlandske. Vi har bruk for kvarandre. Vi skal oppføre oss som folk. Så får systemet sjå til at rettane til desse Andre ikkje kjennest urimelege overfor den gjennomsnittlege nordmannen, og slik skape grobotn for rasistiske tankar.

På biblioteket er absolutt alle velkomne, tilbodet er gratis, vi har teieplikt, vi krev ingen ting av dei som kjem innom døra her, dei kan velje å snakke -eller teie, låne noko -eller ingenting. Eit unikt tilbod Noreg lyt verne om, utvikle og ta vare på. Og dette store får eg vere ei lita brikke i, ei brikke som av og til kan bety noko for nokon. Nett som på butikken. Det kjennest godt. Å våge.

Takksam bloggar: Merete



2 kommentarer:

  1. Så godt skrevet, om gode tanker og holdninger! :-)

    SvarSlett
  2. Veldig sant, og veldig godt skrevet, Merete!!!! Det er desverre altfor mange som dyrker Janteloven fremdeles i Lom!!! De burde ta feiekkosten og feie for egen dør, de er langt fra så perfekte som de selv tror!!!!!

    SvarSlett