Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 16. april 2015

Det meste er nord og nettet ned

Berre kort innom for å fortelja at det meste står på hovudet her i bokheimen. Eit par av viskvinnenen er meir på farten enn dei er bak skranken eller i tenketanken på bakrommet i april. Men måndag var alle tre på plass. Kryss i taket og paradis i vegen.


Det var da alt skulle ordnast; lesekort til leseprosjekt 3. klasse, handtering av arrangement som kjem som kasta på ein, bibliotekstatistikk som skulle leverast, oj, der var det visst ein frist, gitt, stappfull e-postkasse, ein delegasjon hyggelege bygdekvinner frå heile dala, ein returlapp her, ein faktura der og for ein gongs skuld kunne sjef med liten s få gleda av å bite i det søte eplet angåande ei viss mindful fargeleggingsbok for vaksne som det vart sett eit litt spydig spørjeteikn ved i eit tidlegare blogginnlegg da sjef med liten s var på lengerennlangtur, små sjefar, små, søte gleder, skranketeneste med spørsmål om gardar som hadde flytta på seg, nære og fjerne lån, bestillingar, bokhaugar, bokhaugar, bokhaugar,

vikarar som vart sjuke, bibliotek som måtte stengast før vi dumpa ned på seta på tog til urbane stork for å prate debutantar ut av hyllene på Ås og Enebakk bibliotek.




Og det vart vel fagre stunder på biblioteka saman med debutantane Elin Lind og Liv Marit Weberg som har skrive bøkene En fremmed jeg kjenner og Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til. BiblioteKARANE Per Roger Sandvik og Oddmund Kårevik hadde framifrå samtaler med dei to debutantane om bøkene, skrivinga og korleis det er å vera debutant. Kanskje prøvde alle fire bibliotekarane å lokke supre tips ut av forfattarane om vegen frå skrankeliv til det forgjetta forfattarlivet? Kanskje fekk nokre av bibliotekarane blod på tann til forfattardraumen og har sett vekkjarklokka på fem, evt. skrive permisjonssøknad og levert Lottokupong? Kven veit? Enn så lenge er det meste nord og nettet ned så ein  ikkje kan importere bilete frå telefonen frå formidlarferda. Når telefon og nett vil samarbeide, blir innlegget pryda med bilete frå Ås og Enebakk. Ver obs på oppdateringar!

Rita

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for besøket. Eg håpar Lom-folket ber over med bibliotek på halv 12. Me i Enebakk er iallefall svært takksame for lånet av dei to formidable formidlarane.

    SvarSlett
  2. Så hyggeleg å høyre, Oddmund! Bibliotek på halv tolv ser vi på som teikn på at det er i bruk. Lykke til med vidare formidling!

    SvarSlett