-hos oss neier blomen i vårkåt sjarm!
Det er jamnan som dreg, lærte eg som ungførkje, noko eg i mi karriere som bokpratar også har freista leve etter. Det er jo greitt med eitt og anna skippertaket, men jamn lesing gjennom heile året dreg lasset best. Dagleg dialog med ivrige lånarar held også kunnskapsnivået oppe på det viset at ein ser kva folk flest er opptekne av, ønskjer å lese om, let seg inspirere til å lese om -evt. let seg overtale av bibliotekaren til å lese.
Ein blogg overlever også best ved jamn oppdatering, noko vi har fulgt nesten til punktum og komma i snart 7 år (meiner eg?). Berre ein sjeldan gong blir vi hengjande etter lasset... Men så spreke som vi framleis er, spring vi det styggfort inn att!
Då er det litt verre med dei som freistar livet i glaskarmane våre, stakkars... For nokre år sidan kasta eg på eitt av våre faste personalmøte fram idèen om blomevatning. Det var den gongen eit litt kjenslevart tema i kollegiet, men alle tre tykte godt om framlegget. Vi innførte då vatning av alle dei fem blomane våre som fast arbeidsoppgåve på laurdagsvaktene. Det gjekk retteleg bra, det -eit bel. Men så kleiv sola opp over Lomseggen og omliggjande fjell att, og dei gilde, gamle glaspostane vart oppvarma til den heitaste vårkokninga ein kan tenkje seg. Då gjeld ikkje jamnan kun laurdagar lenger...

I mellomtida får eg trøyste meg med alle dei flotte hagebøkene som prydar skranken saman med dei nette kjuklingane som framleis er ute på vilt i gammelprestgarden. Ha ei strålande vårhelg -og hugs blomane med ein vasskvett!
Vårtørr bloggar: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar