Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. mars 2015

Eit stille sakn

Varm lade frå bestemormugga.
Det er stilt i gammelprestgarden. Slik stilt eg i hektiske stunder av og til kan drøyme om, men som ikkje er ei god stille når ho ein sjeldan gong snik seg inn. Det er ei slik stille som kun oppstår når sjefen er bortreist. Ein dag no og då går greitt -det blir mest som eit pusterom å rekne- men over tid? Nei, det er ilt.

Vi vaks opp saman, sjefen og eg. To umake jenter som hoppa den same paradisen, såg opp til dei same lærarane, drakk av same tranflaska og skreiv dei same bilnummera i ei årrekkje. Vi drakk varm lade saman av den blåmønstra mugga til sjefen si bestemor, vi kleiv i epletrea til foreldra mine og åt på oss magesjau av den sure karten. Vi frykta den same bussjåføren og drøymde om dei same stjernene -eit bel.

Så voks vi litt -den eine fortare i høgda enn den andre. Vi sklei bort frå kvarandre. Ho med den djupe nyva mellom augebryna var så definitivt ikkje med og tjuvrøykte sundkarva brennenesle i matpapir bak skulen om kvelden. Ho kniksa ikkje med nakken når dei store gutane tuta frå dei raske bilane sine, og ho leika definitivt ikkje hulder på ymse seterfestar. Ho var flink, sprek og samvitsfull frå dag èin, var ein vinnar -utanom festane, då... Men las bøker gjorde vi båe. Og den stuttaste av oss skikka seg litt betre etter kvart.

Gjennom barndom, ungdom og vaksenliv...
Då vegane våre kryssa kvarandre att etter fleire år utanbygds, var vi framleis svært så ulike. Som kollegaer fann vi likevel ut at vi likte å bryne oss på kvarandre, at ulikskapane våre kunne fylle opp tomrom hos kvarandre, verke stimulernade og inspirerande. Vi vaks oss sterke saman, grodde i hop som ein velfungerande symbiose. Nett difor kjenner eg i dag på saknet av den irriterande plystringa til dei traurige visesongane på bakrommet, kjenner at stankinga hennar over treig pc og for mange gule lappar piffar opp i det minste meg slik i det daglege, og at sur kaffe smakar enno surare utan selskap.

Om ikkje anna, skulle eg så gjerne ha spurt henne kvifor i alle verda ho har bestilt ei fargeleggingsbok for vaksne til biblioteket? Altså; til biblioteket? Eg saknar desse fresande svara som sildrar så godt innover øyregangane, rett og slett.

I god tru om at ho heller ikkje denne gongen les vår felles blogg, ønskjer eg henne med heile mitt bivrande sakn alt vel på hennar livs påskereise, medan eg sender alle lånarar ein gullande gul takk for alt det gode selskapet de har spandert på meg i dag! Ingen fyller tomrommet slik som dykk!

God påske!

 Bloggar som gler seg på gjensynet: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar