To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. mars 2015

Vårblå himil og full kalender i mars

Vi får for full kalender i mars.
Før ferien sparka vi i gang formidlingsturnéen vår på heimebane. Vi er svært godt nøgde med opninga på Smak i Lom med god mat, fullt hus og tilfredse deltakarar så langt vi kunne skjøne. Debutromanane har blitt utlånt, nokre allereie lesne og levert att med gode attendemeldingar og ventelister. Dæ lika åss! I dag går ferda vidare til naboen i vest. Vi synest det er ekstra stas at Skjåk inviterte oss fyrst. Slik er det når ein har gode grannar og kollegaer. I morgon kveld er det Dovre som står for tur og den 18. Otta. I kjølvatnet av dette, håpar vi på utlån, ventelister og at rett så mange norddølar får kjennskap til og utviklar vennskap med nye forfattarar.

Torgrim EggenForutan turnéen, er kalenderen vår for mars fylt opp av ulike arrangement. Fyrst ut er Albumefta med Torgrim Eggen og "Bowie i Berlin" neste onsdag. Musikkjournalist og forfattar Eggen skal prate om David Bowie og dei tre åra hans i Berlin på slutten av syttitalet. Denne perioden står for mange som høgdepunktet i karrieren, og resulterte i platene "Low", "Heroes" og "Lodger". Vi får høyre gjennom plata "Low" i sin heilskap, men det blir også smakebitar frå dei andre. Torgrim Eggen har òg skrive bok om Berlin der popikonet Bowie får brei omtale.

Rita

2 kommentarer:

  1. Torgrim Eggen skriv bra, så han hadde eg gjerne høyrt på. Og Berlinboka var svært interessant. Vakkert i Lom nå, tenkjer eg.

    SvarSlett